Høyr dei nye norske stemmene

Vi har sett hundrevis av unge songarar forsøke å bli popprinsar og -prinsesser på TV dei siste åra. No kan du møte nokre av dei som siktar mot å bli stjerner innan opera, folkemusikk og jazz.

Songtalenta du ikkje ser på Idol

Øvst frå venstre og med klokka: Margit Myhr, Bror Magnus Tødenes, Ina Sagstuen og Hamida Kristoffersen.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Bror Magnus Tødenes frå Ulstein, Hamida Kristoffersen frå Bjarkøy, Ina Sagstuen frå Gjøvik og Margit Myhr frå Torpo har minst to ting felles: Dei er dyktige songarar. Og du får neppe sjå dei på «Idol» med det første.

Les: Bytta ut punk med Pavarotti

Les: Lagar sine eigne operakulisser

Kva driv dei andre songtalenta med?

Med jamne mellomrom står hordar av meir eller mindre musikalske ungdomar i kø for å bli utvald til ein plass i songkonkurransane på tv. Nokre få av deltakarane får ein popkarriere av eit visst format, dei fleste forsvinn frå musikkscenen like raskt som dei kom.

Å bli ein suksessrik songar krev hardt arbeid og eit breitt spekter av evner i tillegg til stemmematerialet – uansett sjanger. Men popens mainstream er berre ein av mange sjangrar ein kan oppnå suksess i. Kva driv dei med, dei som drøymer om å bli songarar på andre premissar? Det har vi prøvd å finne ut litt meir om.

Les: Jaktar på ei heilt ny stemme

Les: Fører hallingtradisjonane vidare

Fire songarar med stort potensial

Denne miniserien med portrett er ikkje ei kåring av dei største songtalenta i Noreg. Ingen kan spå med sikkerheit kven som vil bli morgondagens stjerner, til det er det for mange uvisse moment. Og det er såklart mange andre typar songarar enn desse som ikkje finn seg til rette i Idol-konseptet.

Det vi ønskjer er å løfte fram fire unge songarar som på ulike måtar har markert seg uvanleg sterkt på sine område, som har store kunstnariske ambisjonar, sterke lærarkrefter i ryggen og som kan nå langt både nasjonalt og internasjonalt – om alt klaffar.

Kulturstrøm

  • Derfor ble livet hans blues

    På søndag spilte noen av de beste av Norges bluesartister konsert i Royal Albert Hall i London. Norwegian Blues Adventure, het konserten, som blant annet samlet Vidar Busk, Knut Reiersrud og Bjørn Berge. Kapellmester for kvelden var Amund Maarud. Han forteller til Kulturstripa at han har spilt blues siden han gikk ut av barnehagen.

    Amund Maarud
  • – Både trist og forrykende

    – Å lese Torgrim Eggens Axel Jensen-biografi føles litt som å ramle ut på en tre dagers rangel. Man trenger noen timer for å bli edru, og for skjønne hva man har vært med på. Noe har vært ellevilt. Annet har bare vært tomt og trist, skriver NRKs litteraturkritiker Knut Hoem.