Ei veke før Oscar-nominasjonane blir offentleggjort, kom i går kortlista for kategorien beste framandspråklege film.
Av 65 bidrag står det att ni filmar som framleis kan vinne det gjeve trofeet i denne kategorien, ifølge nyhetsbyrået AP. Og norske "O'Horten" med regi av Bent Hamer nådde ikkje opp denne gongen.
Svensk sjanse
Sverige er det einaste nordiske landet som framleis har ein sjanse til å vinne Oscar i år. "Maria Larssons evige øyeblikk" med Jan Troell som regissør står nemleg att på kortlista.
Desse kan vinne Oscar:
"Klassen" (Frankrike)
"Waltz with Bashir" (Israel)
"Revanche" (Austria)
"The Necessities of Life" (Canada)
"The Baader Meinhof Complex (Germany)
"Departures" (Japan)
"Tear This Heart Out" (Mexico)
"Everlasting Moments"/ "Maria Larssons evige øyeblikk" (Sweden)
"3 Monkeys" (Turkey)
Fjorårets vinnar i denne kategorien var den austerikske filmen "The
Counterfeiters".
Nominasjonane snart klare
22. januar blir det klart kven av desse ni filmane som faktisk blir nominert til Oscar. Ifølge Oscar-akademiet er det komitear i New York og Los Angeles som skal velge ut dei fem heldige i kategorien beste framandspråklege film.
Då vert også dei nominerte i alle Oscar-kategoriane offentleggjort.