Men før avgang må vi ordne det formelle etter forrige vekes reisekonkurranse. Då var vi med Jens A. Riisnæs og Sverre Tom til eit land med røkelse og kamelar. Og navnet på hovedstaden var og er ei nøtt; sjølvsagt Musqat i Oman.
Frank Simonsen frå Søgne visste det, og stikker av gårde med premien denne veka.
Då får mannskapet gjere seg klar for take-off. Destinasjonen må du finne ut av sjølv. Men vi skal no lande i eit land.
Ser du for deg kva slags land dei to turtraverane er i no? Då kan du vinne eit Norgesglass og ein badebag viss du sender svaret inn som tekstmelding til 1987. Du må skrive Glasset først. Så svar og navn og adresse, og nummeret var altså 1987.
Du kan óg sende svaret som e-post til norgesglasset@nrk.no eller gi landets postmenn noke å bere på. Postadressa er Norgesglasset, NRK, 7005 Trondheim, og merk konvolutten Hvor i all verden.
Svaret på dagens oppgåve får vi neste veke, og då får vi óg eit nytt reisebrev frå dei glade globetroterane våre.