Hopp til innhold

– Løftebrot frå kulturministeren

I morgon vert streiken ved Operaen trappa opp. –Kulturministeren har skulda, meiner dei streikande.

Streikende foran operaen
Foto: Johansen, Erik / Scanpix

Musikernes Fellesorganisasjon (MFO) hevdar at partane er samde, og at det er kulturminister Anniken Huitfeldt som set ein stoppar for avtalen.

Men motparten Spekter seier derimot at dei ikkje er samde med MFO. Dei opplyser at årsaka til at ein ikkje har kome fram til nokon avtale, er at orkestra ikkje har økonomi til å takle lønnstillegget på 33.000 kr.

Kulturminister Anniken Huitfeldt har ikkje tidlegare ynskt å kommentere streiken, men i dag uttalte ho seg for første gong om konflikten.

– Det er spesielle reglar for korleis ein handsamar ein arbeidskonflikt, det er akkurat dei same reglane i kulturlivet som i resten av samfunnet. Difor kan eg ikkje kommentere dette yttarlegare i media. Ein eventuell kontakt må gå føre seg mellom partane som i alle andre arbeidskonfliktar, seier Anniken Huitfeldt.

Krev 33.000 kr

Anniken Huitfeldt

Kulturminister Anniken Huitfeldt meiner at dette er ei sak mellom MFO og Spekter.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Dei fagorganiserte i Musikernes Fellesorganisasjon (MFO) på Den Norske Opera & Ballett kjenner seg forbigått og urettferdig behandla. Dei gjekk ut i streik då dei ikkje fekk gjennom ein avtale som skulle gje dei det same tillegget som kollegaene ved orkestra i Bergen, Stavanger og Trondheim fekk i fjor.

Etter planen skulle utøvarane ved Den Norske Opera & Ballett, Kristiansand Symfoniorkester og Blåseensemblet i Halden få ein tilsvarande lønnsauke på 33.000 kroner i år.

Det var dåverande kulturminister Trond Giske (Ap) som gav løftet om lønnsauken. Men i april gav Anniken Huitfeldt beskjed om at prosessen for dei siste tre verksemdene framleis ikkje var godkjent.

– Forhandlingane har pågått sidan 2006, eg har sjølvsagt hatt nær dialog med Giske om dette. Vi har felles oppfatningar og haldningar i denne saka, seier Anniken Huitfeldt.

– Kvifor får dei ikkje tillegget då?

– No har saka hamna i streik og då er det ikkje naturleg for meg å kommentere dette ytterlegare. Kontakten må skje mellom partane.

– Løftebrot frå kulturministeren

I morgon vert streiken trappa opp, då går seks dansarar til ved Den Norske Opera & Ballett ut i streik. Ballettdansar og tillitsvald for Nasjonalballetten, Marek Jaz er ein av ballettdansarane som skulle ha stått på scena i Askepott.

– Vi synest at heile konflikten er utruleg trist, at vi må avlyse framsyningar, seier Marek Jaz.

Han meiner at kulturministeren har lovd dei tillegget på 33.000 kroner, og trur det som må til er at kulturministeren kjem i dialog med partane.

– Kulturministeren sit med løysinga på det heile.

Operaen taper ein halv million kroner dagleg på streiken, og har til no avlyst framsyningane av Jorden Rundt på 80 dager og halvparten av dei planlagde framsyningane av Askepott-balletten. Ei opptrapping i morgon fører til avlysing av alle Askepott-framsyningane.

Kulturstrøm

  • Norge vant sølv i EM brass band

    Eikanger-Bjørsvik Musikklag fra Nordhordland havnet på en 2. pass i det europeiske brassbandmesterskapet i mesterskapsseksjon i Palanga i Litauen lørdag.

    I tillegg vant de solistpris for trombonisten.

    – Eikanger-Bjørsvik er veldig fornøyd med 2. premie på EBBC 2024 Palanga, skriver Eikanger-Bjørsvik musikklag på Facebook.

    Brassband Treize Etoiles fra Sveits fikk 1. plass og Brassband Willebroek fra Belgia fikk 3.-plassen, ifølge resultatlisten.

  • 40 år sidan Dollie-jentene song for livet

    Søndag er det nøyaktig 40 år sidan den norske duoen Dollie de Luxe deltok i den internasjonale Eurovision-finalen med låten «Lenge leve livet».

    På Instagram spør Dollie-medlem Ingrid Bjørnov om andre også har hatt filler i håret! Benedikte Adrian var den andre i duoen, som kom på 17. plass i finalen.

    Dollie de Luxe ble nummer 17 av 19 i den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen i 1984.
  • Voldsomme reaksjoner på dansk Eurovision-artist

    Danmarks Eurovision-håp, artisten Saba, forteller at hun har vurdert å trekke seg etter kraftige reaksjoner på at hun deltar i den europeiske finalen.

    Reaksjonene kommer i forbindelse med Israels omdiskuterte deltakelse i Eurovision samtidig med krigføring på Gazastripen.

    Anna Saba Lykke sier til Ekstra Bladet at hun har bearbeidet opplevelsen med psykolog, og at hun nå har valgt å stenge alle sine sosiale medier etter kraftige oppfordringer om at hun bør trekke seg.

    Saba mener det er viktig for mangfold og representasjon at hun deltar. Hun har vært åpen om at hun er skeiv, adoptert og har utfordringer med psykisk helse.

    Hun er også blant artistene som har underskrevet oppropet om fred og våpenhvile i Gaza.

    Den danske sangeren Saba, Anna Saba Lykke.
    Foto: Ida Marie Odgaard / AP