Hopp til innhold

Her er det nye kulturrådet

Dei ti nye medlemmane i Norsk kulturråd vart presentert av kulturminister Trond Giske i dag.

Bentein Baardson

Bentein Baardson er ny leiar for Norsk kulturråd.

Foto: MARIT HOMMEDAL / Scanpix

8. mai i år informerte kulturminister Trond Giske at Norsk kulturråd skulle endrast frå 13 til 10 medlemmar. Dessutan skal regjeringa no peike ut alle medlemmane sjølve, og rådet vert oppnemnt av Kongen i Statsråd.

Norsk kulturråd deler i 2009 ut 386.5 millionar kroner til norsk kulturliv, og er den største statlege støtteordninga for både musikk, litteratur, scenekunst og billedkunst.

LES MEIR OM KVA ENDRINGANE GÅR UT PÅ: Vil utnemne heile Kulturrådet sjølv

LES ÒG: Baardson om utnemninga

Det som er spesielt no er at kunstnarane er i fleirtall i dette rådet og det er historisk. Det tyder også at det vert ei spenstig, ny og dynamisk samling å vere med i.

Bentein Baardson

Det nye kulturrådet vart oppnemnt av Kongen i Statsråd i dag, og er frå 1. juli sett saman slik:

Faste medlemmar:

  • Bentein Baardson, (f. 1953), leiar. Skodespelar og regissør, tidlegare teatersjef.
  • Asta Busingye Lydersen (f. 1970), nestleiar. Skodespelar, songar, journalist.
  • Aslaug Juliussen (f. 1953). Biletkunstnar, kunsthandverkar.
  • Vegar Snøfugl (f. 1971). Musikar, dagleg leiar Trondheim kammermusikkfestival.
  • Arnfinn Bjerkestrand (f. 1960). Musikar, deltek i Rockheim-etableringa.
  • Ivar Roger Hansen (f. 1955). Dirigent, musikkpedagog, dagleg leiar av Petter Dass-museet.
  • Ottar Grepstad (f. 1953). Forfattar, leiar av Nynorsk Kultursentrum.
  • Ingrid Lorentzen, (f. 1972). Ballettdansar.
  • Solveig Øvstebø (f. 1948). Kunsthistorikar, kurator, intendant for Bergen Kunsthall.
  • Erik Fosnes Hansen (f. 1965). Forfattar.

Varamedlemmar:

  • Frøydis Moberg (f. 1979). Artist, dagleg leiar BRAK.
  • Corinne Lyche Campos (f. 1968). Dansepedagog.
  • Eivind Falk (f. 1964). Dagleg leiar for Norsk Handverksutvikling på Maihaugen.
  • Harald Solberg (f. 1954). Kunsthandverkar, direktør for Bomuldsfabrikken Kunsthall i Arendal.

Giske varsla i mai at fleire av rådet sine medlemmar sjølve skulle vere utøvande kunstnarar, eller ha ein kunstfagleg kompetanse.

Det ser ut til at dette har vorte følgt i utnemninga av det nye kulturrådet, dei fleste medlemmane har bakgrunn som utøvande kunstnarar innan musikk, teater, kunst, litteratur og dans. Nokre av medlemmane har kunstfagleg utdanning.

Kva synest du om samansetjinga av det nye kulturrådet? Sei di meining her!

Kulturstrøm

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters