Hopp til innhold

Vil utnemne heile Kulturrådet sjølv

- Særs uheldig maktkonsentrasjon, meiner kulturpolitikar Olemic Thommessen i Høgre.

Trond Giske gestikulerer
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Kulturrådet deler i år ut 386.5 millionar kroner til norsk kulturliv, og er den største statlege støtteordninga for både musikk, litteratur, scenekunst og billedkunst.

I dag blir halvparten av rådets 13 medlemmar oppnemnde av Stortinget og KS (kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon), og resten av regjeringa.

No foreslår regjeringa i ein stortingsproposisjon å endre dette til at alle medlemmane skal bli oppnemnde av regjeringa.

Det fell ikkje i god jord hos kulturrådsmedlem Hallgrim Berg.

- Går utover breidden

Hallgrim Berg

Hallgrim Berg, medlem av Kulturrådet.

Foto: Scanpix / SCANPIX

- Det blir temmeleg vanskeleg å ha armlengdes avstand til regjeringa om ein sit i fanget til kulturministeren.

Berg ser særs alvorleg på at makta til å velje ut medlemmar til Kulturrådet no forsvinn heilt frå Stortinget.

- Det er betenekjeleg å ha berre èin instans som utpeiker alle medlemmane. Det fører fort til at berre dei med "riktige synspunkt" for departementet kjem med, ei sentralstyring som vil gå på bekostning av breidden. Det er viktig med medlemmar som stiller kritiske spørsmål til systemet og pengebruken.

- Maktlysten statsråd

Stortingsrepresentant Olemic Thommessen (H)

Olemic Thommessen, Høgre.

Kulturminister Trond Giske sa på pressekonferansen i dag at endringane blir gjort for å sikre at det kunstfaglege skal få større gjennomslag i Kulturrådet, og for å hindre politiske føringar.

Dette stiller kulturpolitisk talsmann i Høgre, Olemic Thommessen, seg undrande til.

- Det har ikkje vore noko problem at det har vore drive kulturpolitikk i staden for kulturfaglege vurderingar i Kulturrådet. Dette blir ei skinnbeskriving. I ly av å skulle skape rasjonelle løysingar, så konsenterer ein makt rundt Departementet.

Også Venstre og Frp har i dag ytra kritikk mot forslaget. Thommessen meiner Giske heile vegen har hatt ein agenda om maktkonsentrasjon.

- Vi har sett ei heilt klar linje gjennom heile regjeringsperioden, med eit maktlystent departement, leia av ein særs maktlysten statsråd, som nyttar kvar mogelege anledning til å trekkje makt inn mot departementet.

- Vinninga opp i spinninga

Det nye rådet blir utnemnd 1. juli, og skal etter ei overgangsordning sitje i fire år om gongen, med ei rullering av halve rådet kvart andre år.

Kulturrådet skal i følgje Giske vere folkeleg samansett, med vekt på utøvarar og folk med kunstfagleg kompetanse.

Giske presiserte at det framleis er Stortinget som vil avgjere kor store pengepottane til rådet skal vere, og at rådet skal nytte sin fagkompetanse til å fordele dette.

Færre medlemmar er i tråd med Løken-utvalet sitt forslag, som i fjor granska dei norske støtteordningane for kulturlivet. Men Berg trur ikkje at dette vil løne seg.

- Argumentet om å redusere frå 13 til 10 medlemmar, er å spare pengar. Men om Kulturrådet no blir eit fagstyre, vil ikkje folk sitje der med tilnærma gratisarbeid som i dag. Detet vil føre til at vinninga går opp i spinninga.

Kulturstrøm

  • Kirken: En grusom hendelse midt i Pride-feiringen

    Kirken slår ring om Pride-feiringen, kjærlighet og mangfold etter masseskytingen i Oslo sentrum.

    – Vi våkner til skrekk-meldingen om skudd, drepte og sårede på London pub. Dette burde vært utenkelig. Det er det ikke, skriver kirkerådsleder Kristin Gunleiksrud Raaum på Facebook.

    Raaum beskriver angrepet som en sterk kontrast til feiringen av kjærlighet og mangfold, som hun deltok i fredag.

    Preses i Den norske kirke Olav Fykse Tveit skriver at han tenker og ber for alle som er rammet.

    – Grusomme hendelser med skyting, drap og alvorlige skader i Oslo sentrum i natt, midt i Pride-feiringen der mange er ute for å feire livet og kjærligheten, skriver han.

    (NTB)

  • Bent Høie: – Flagget kan vi heise i solidaritet med de som er rammet direkte

    – I dag kan ikke paraden gjennomføres for å feire og kjempe. Det er ikke trygt i følge politiet. Flagget kan vi heise i solidaritet med de som er rammet direkte og for å vise at kjærligheten alltid vil vinne, skriver Bent Høie på Facebook.

  • Ny mentor i «The Voice»

    Artisten Jarle Bernhoft tar over som mentor i den kommende sesongen av «The Voice», melder TV2.

    Mandag denne uken ble det kjent at den folkekjære artisten og mentoren Matoma, er ferdig i The Voice.

    Hans arvtager Jarle Bernhoft sier han gleder seg til den nye jobben. – Jeg klarer nok ikke å fylle tårekvoten hans, men jeg må finne mine egne sko, sier Bernhoft.

Flere kulturnyheter