Spill nøtteknekker-spillet her!
Hamar: (fra venstre) Ivar Finnsveen, Nils Kristian Nilsen og Per Dobloug. Foto: Marianne Olsen.
Hamar, som stilte med eit reint herrelag, tok leiinga først. Haugesund fekk først overtaket med oppgåva ”Stopp musikken”, der det gjeld å kjenne att eit tema først. Båe laga hadde lytta til opningsrunden, og hadde god greie på kva dei gjekk til.
Sto ikkje tilbake for noko
To av herrane på Hamarlaget, Per Dobloug og Ivar Finsveen, kjenner orkesterrepertoaret frå innsida, som medlemmer i Hedmark symfoniorkester. Randi Ofstad på Haugesundlaget har medisinen som fag men hjelper også lokale kor med innstudering som repetitør. Kanskje var det difor koroppgåva, ”Cantique de Jean Racine” fall så lett for laget.
Dei lagkameratane som har cd-lytting som hovudreferanse sto likevel ikkje tilbake for noko. Musikkopplevingane, med tilhøyrande info, var prenta presist og godt i medvitet, både for journalisten Arnstein Olaisen og lærarane Paal Thorkildsen og Nils Christian Nilsen.
Åkken ska’n go’blunke tel?
Det var heller ikkje mogeleg å setje laga fast i spørsmålet som gjaldt norsk kammermusikk. Hamarlaget stadfesta spøkefullt at komponisten kom frå ”ein enklave på vestkysten av landet vårt”, dei visste òg at Grieg skreiv tre fiolinsonatar.
Dei enda opp med å ”go’ blunke” til den første av dei, men at Grieg skreiv sonaten så tidleg som i 1865, var det Haugesund som kom først fram til. Det var med andre ord ein svært jamn omgang, og mykje kan hende på vegen mot finalen 24. mai.
Neste tysdag er det Kristiansand og Skien som møtes i tevlinga om tur til Proms i London.