Om det var noko lag som hadde favorittstempel i Nøtteknekkeren var det vel Bergen, som tidlegare ikkje hadde tapt mot noko lag. I semifinalen vart dei altså slått ut, men det var knivskarp konkurranse.
Trondheim tok leiinga etter første spørsmål: full score på Mozarts seria-opera ”La Clemenza di Tito”. Bergen kom lett fram til komponist men mista poeng på verk og årstal.
Bergen tok leiinga
I første kortoppgåve vart det like mange rette på båe lag, og eitt poeng til kvar, men så tok Bergen leiinga. Trondheim resonnerte seg til norsk musikk og rett komponist, men Brustads Eventyrsuite for solofiolin var kjent stoff for Bergens Jan Økland.
I ”Des Knaben Wunderhorn” av Gustav Mahler, i versjonen med klaver, tok Trondheim eitt poeng tilbake, og med det vart det 16-16.
Gåvepakke til Trondheim
Så var Trøndarane dei kjappaste i ”Stopp musikken”. Desse to poenga gav eit godt forsprang foran siste spørsmål, der Bergen greide seg bra, men som var ei ”gåvepakke” for Trondheims Eivind Hiis Hauge: han hadde sjølv foreslått Milhauds ”Oksen på taket” til framføring i heimbyen, og visste såleis alt som trengtes.
Turneringa er altså ved siste stopp: Lytt til Trondheim og Haugesund og levande musikarar i aksjon i Store Studio 24. mai!