Hopp til innhold

Harald Rønneberg om å bli far ved hjelp av surrogati: – Eit eventyr

Harald Rønneberg og kona prøvde i mange år å få barn. Til slutt fekk dei hjelp av surrogatmora Katie.

Harald Rønneberg på Lindmo 050221

Komikar og programleiar Harald Rønneberg på Lindmo i kveld. Han er aktuell med ny serie på TV2 med «Helt Harald».

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Det er vanskeleg å beskrive kjensla som oppstod då guten vår kom, og eg klippa av navlestrengen. Det var fantastisk, seier ein tydeleg rørt Harald Rønneberg til Lindmo.

Etter å ha prøvd å få barn i fleire år, for deretter å bli plassert i ein lang adopsjonskø, fekk han og kona til slutt hjelp av surrogat som skulle bere fram barnet deira.

Men det var fleire ting dei fyrst måtte gjere for å vise at dei var det perfekte foreldreparet.

– Når andre skal bere fram barnet, så er det faktisk dei som vel kva for par dei ønsker å hjelpe. Vi sende over ein presentasjon rett og slett, ein god gamaldags PowerPoint, seier han og humrar.

Rønneberg fortel vidare at dei i presentasjonen fortalde kven dei var, deira historie om utfordringane med å bli foreldre og kvifor dei ønska å bli foreldre.

Ein blid Harald Rønneberg på Lindmo 050221

Harald Rønneberg og kona hans Sølvi Haugland fekk barn ved hjelp av surrogatmor.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Og så responderte dei veldig på denne historia og valde å hjelpe oss. Og då føler ein at ein har møtt vakre menneske, legg han til.

Aborterte fleire gongar før det gjekk bra

Det er i kveldens episode av Lindmo, i samtale med skodespelar Ane Dahl Torp, at komikaren fortel om reisa han og kona Sølvi Haugland tok for å få barn.

Også Torp har opplevd kor vanskeleg det kan vere å skape eit nytt liv. Ho aborterte fleire gongar før det gjekk bra.

– Eg tenkte at det finst jo alternativ, som for eksempel adopsjon. Men ein føler at alt blir med atterhald, og at livet står på vent. Det er vanskeleg å gå heilt inn for noko, seier ho.

Ane Dahl Torp hjå Lindmo 040221

Ane Dahl Torp opplevde også at det var vanskeleg å få barn.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Ho får støtte av Rønneberg, som også syntest ventetida var vanskeleg.

– Det er utfordrande i lengda, men eg og kona kom faktisk nærmare kvarandre. Vi hadde eit klokkeklart mål og det var at vi skulle bli foreldre saman.

Fest på fødestua

Rønneberg fortel vidare korleis det var å vere på fødestua saman med eit anna foreldrepar som føder barnet som er hans.

– Eg var rimeleg entusiastisk då. Det var som ein heime-aleine-fest. Eg stod bak mannen til Katie, medan kona mi Sølvi stod og heldt beinet til Katie på den andre sida.

– Eg har jo sett på film, så eg byrja å seie «breathe». Så fekk eg beskjed frå legen om at det ikkje var nødvendig, seier han og ler.

Det sterkaste augeblikket var då guten deira endeleg kom ut, og han vart lagt i armane til kona hans.

Rønneberg Lindmo 050221

Det var sterkt då sonen hans Ludvig kom til verda.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Det var det vakraste. For oss var dette berre eit eventyr. Det var måten vi kunne bli foreldre på, så vi er jo så takknemlege for det, seier han.

For dei er det viktig at Ludvig, som nå er seks år gammal, har eit naturleg forhold til det heile og at han ikkje sit med noko spørsmål. Og dei har framleis ein nær relasjon med surrogati-paret.

– Viktig å dele

Lise Boeck Jakobsen, styreleiar i foreininga Ønskebarn, rosar Rønneberg og Torp for å vere open om at det ikkje er så lett å få barn som mange trur.

Kommunikasjonssjef i Norges bondelag Lisa Boeck Jakobsen

Lise Boeck Jakobsen, styreleiar i foreininga Ønskebarn, rosar Harald Rønneberg og Ane Dahl Torp for å fortelje ope om sine erfaringar.

Foto: Norges Bondelag

– Det har stor betyding for dei som er ufrivillig barnlause. Og det betyr veldig mykje for alle kjenslene av håpløyse og alle andre kjensler rundt ein slik situasjon.

Ho trur også at det har stor verdi at ein får fram at det ikkje er alle blant oss som det går lett for å få barn.

– Då er det viktig å dele det, og det blir ofte høyrd lettare når det er kjente profilar som seier det, avsluttar ho.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.