Turnerte
Med stort overskot og beinhard arbeidsmoral tok han opp att verksemda som komponist, konsertorganist på høgt nivå -og som pedagog.
Han tok del i nye plateproduksjonar og kringastingsprogram, turnerte land og strand, gjerne saman med folkemusikarar, og hadde vener kvar han kom.
Røter
Han var gull verdt både for kunstmusikkmiljøet og for folkemusikkmiljøet. Med røter i folkemusikken hadde han som få andre evna å gje ny harmonisk drakt til gamle folketonar.
Difor ville kvedarar og spelemenn gjerne ha han med på laget, og nominasjon til Spellemannprisen vart det. Han gjorde mykje også for andre norske komponistar, og hadde stor interesse for Eivind Grovens reinstemte orgel, komponerte for det og gav konsertar på det.
Aust-Agder
Eilert Hægeland hadde organisteksamen frå Norges Musikkhøgskole og debuterte i 1975. I fleire år var han domorganist i Bodø. Han har vore lektor ved Nordnorsk Musikkonservatorium i Tromsø.
Frå 1993-2002 var han rektor ved Åmli Musikk- og kulturskole i Aust-Agder. No var han inne i ei blømande utvikling, var produktiv som aldri før, og hadde store planar for musikklivet i heimbygda, Evje.
Songfuglen
Eilert Hægeland har nok kjend seg i ætt med "Songfuglen", som Elias Blix dikta om, og som han sette musikk til: "Han syng sin song av hjartans trong, /for luft og ljod han treng."
Me takkar for at me fekk samarbeide med han i gode og tunge dagar, og for det han gav som kunstnar og ven. Eilert Magnus Hægeland blei 52 år gamal.
Kirsten Bråten Berg og Dagne Groven Myhren