Simpelt eller grovt?
Eg er ikkje noken jurist, så kor grensa går mellom simpelt og grovt tjuveri, det veit eg ikkje. Men eg kan forestille meg at det blir rekna som simpelt tjuveri viss du sniker til deg ein røykpakke inne på ein butikk, mens det blir rekna som grovt viss du bryter deg inn i ein bil og stikker av med den.
Kva er det som får noken til å stjele ei dusjsåpe til 16 kroner?
På den andre sida er det nok grovt viss du truar til deg 100 kartongar med sigarettar i ein butikk, mens det kanskje berre er simpelt om du bryter av stjerna på ein tilfeldig Mercedes, og tar den med deg heim. Med andre ord; det kan nok vere eit grovt tjuveri sjølv om det berre er ein liten ting du tar, så lenge du tar mange nok av det og gjer det på ein brutal nok måte.
Men kva om du tar berre ein bitteliten ting uten bruk av vold eller trusslar; kan det vere grovt? Etter mi meining; ja!
Stjal dusjsåpa
Eg var i svømmehallen her for ei stund sidan, ikkje akkurat ein billig affere. Cirka hundre kroner kosta det, men det er greitt. I svømmehallen svømte eg og kosa meg ein times tid, og då eg var ferdig gjekk eg for å dusje. Og då oppdagar eg at dusjsåpa mi var borte. Det var ikkje noke eksklusiv, deilig-duftande dusjsåpe, men den billigste flaska dei har på dei billigste butikkane i by’n. Men likevel den gjer jobben sin etter at eg har bada i bassiluskane til ein heil by, omtrent.
Så kva er det som får noken til å stjele ei dusjsåpe til 16 kroner?
Kanskje tjuven hadde gløymt si eiga såpe? Griett; men då kunne han vel berre tatt ein handfull, og la resten stå igjen til meg som eigde flaska.. Det her var regelrett tjuveri av ei dusjsåpe til 16 kroner… Har du råd til å betale 100 kroner for å gå i svømmehallen, som han innlysande må ha hatt, så må han vel for svingande ha råd til å holde seg med si eiga dusjsåpe. Å stjele ei dusjsåpe til 16 kroner: det er eit så simpelt tjuveri at det er grovt! Svært grovt!
ADVARSEL: Eg veit denne advarselen kjem litt seint, sidan den står nederst på sida. Uansett; eg vil advare mot eit latterlig dårlig skriftspråk her i "Arilds absurditorium", som ikkje er rikskringkastinga verdig. Men ikkje hiss deg opp og ring til Bernander i sinne, for alt har si forklaring. Desse historiene er nemlig skrive for muntlig framføring på mi langt frå gramatisk riktige dialekt. Så pliiiis; ikkje klag til sjefen min, då?