Hopp til innhold

Grøssarbølgje på kino

Grøssarsjangeren pregar norsk film for tida. Det ryddar veg for meir produksjon av sjangerfilm i norsk filmbransje.

Sondre Krogtoft Larsen og Marte Germaine Christensen i Snarveien

Sondre Krogtoft Larsen og Marte Germaine Christensen i Snarveien.

Foto: SF Norge AS

Det norske kinopublikumet har dei siste to åra blitt skremt av ei norsk grøssarbølgje på kino.

Død Snø og Skjult er to av årets filmar som har hatt stor suksess. Denne veka er det premiere på den tredje norske grøssaren i år, Snarveien.

Meir lidenskap enn pengespørsmål

Severin Eskeland debuterar som spelefilmregissør i grøssaren Snarveien 31. juli. Filmen går inn i rekka av norske filmgrøssarar som starta med Fritt Vilt i 2006.

Grøss- og skrekkfilmar har synt seg å vere god butikk. Men Eskeland avviser at filmdebuten Snarveien er ein snarveg til suksess.

- Eg trur norske filmskaparar lagar filmar som dei verkeleg vil lage. Mange norske regissørar har skrive si eiga historie. Eg går ikkje i noko fotspor, for grøssarsjangeren har vore i blodet mitt sidan eg var tenåring. Det er meir ein lidenskap enn eit pengespørsmål, seier debutanten.

Oppblomstring av sjangerfilm

Direktør i Norsk filminstitutt Nina Reseth.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Fem norske filmgrøssarar har fått støtte av Norsk filminstitutt dei to siste åra. Men direktør Nina Refseth fryktar ikkje at det blir produsert for mange grøssarar eller at norsk film vert oppfatta som einsidig.

- Dette er snakk om ein sjangerfilm som har eit avgrensa repertoar. Vi har ein til to norske skrekkfilmar i året. Det er ikkje spesielt mange. Så som sjangerfilm så synest eg ikkje det er eit dårleg teikn, seier Refseth.

Christian Sinkerud er produsent i Fantefilm, selskapet bak Fritt vilt-filmane. Sinkerud trur ikkje det berre er grøssarfilmen, men sjangerfilm generelt som endeleg er i ferd med å blomstre opp i Noreg.

- Dette er meir eit symptom på at ein ynskjer å lage tydelege sjangerfilmar. Det er ikkje nødvendigvis skrekkfilm som kjem til å vere den regjerande sjangeren i all framtid, seier Sinkerud.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.