Hopp til innhold
Anmeldelse

Gjøre godt

Heile 118 personar får kome til orde i den nyaste romanen til Trude Marstein. Med slike dimensjonar over prosjektet, kunne ein frykte at den særprega forfattaren denne gongen kom opp med noko sært og preglaust. Så er ikkje tilfelle, men det krevst litt tolmod av lesaren, det gjer det.

Trude Marstein

Gjøre godt

Gyldendal 2006

Av Marta Norheim

Ei av dei raraste bøkene eg har lese i mitt liv, tek for seg ein leiegård i Paris, rom for rom, og fortel historiene om dei som bur der, eller som budde der før. «Livet Bruksanvisning» av George Perec blei ein roman med stor breidde kan ein seie. Men etterkvart som ein les seg utover blir breidden til noko anna og meir.

Lag på lag

Trude Marsteins roman «Gjøre godt», er komponert etter det same prinsippet. Her er det Kafé Elvebakken som står i sentrum. Den vakre, ambisiøse og ikkje udelt sympatiske Karoline feirar femtiårsdagen sin her ei varm julinatt, og gjester, personale, barnevakter, naboar og tilfeldige forbipasserande får alle lov til å fortelje sitt vesle kapittel. Og som på alle tilfeldige dagar i kalenderen er det nokon som blir født, nokon som døyr og nokon som lurer på kva dei skal lage til middag.

Til saman kjem altså over 100 personar til orde og ingen kan halde styr på så mange, men historia knyter seg saman fordi dei er om lag på same tid på same stad.

Når ein kunde på kjøpesenteret ser ein heil softis liggje på golvet, ja så veit vi at det er ei kreftsjuk jente som berre slapp den ned, og mora har dårleg samvet fordi ho blir så sinna på jenta som kanskje skal døy. Når vi er innom hjå eit ektepar som registrerer at ambulansen køyrer forbi, ja, så kjenner vi både mannen som blir henta og familien hans, for ikkje å snakke om dei underordna på fabrikken der han er direktør.

Ha tolmod

Og ut av dette overmåte breie perspektivet veks det sakte fram eit bilde av det banale, tilfeldige, tragiske og kanskje til og med vakre ved livet til folk som lever nær kvarandre, og som med eller mot sin vilje av og til rører kvarandres sirklar.

Bildet viser eit nett av liner på kryss og tvers som ingen enkeltpersonar i boka har oversikt over. Det er eit fint perspektiv å ha, og romanen blir meir fengslande etterkvart som vi får stadig fleire bitar på plass. Eller sagt på ein annan måte: den uthaldande får si løn.

Kulturnytt, NRK P2, 30. august 2006

Lenker

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.