NRK Meny

Gjenskapte 3000 år gamle bronselurar

Bronsestøyparar måtte løyse oppgåver ingen hadde klart på nærare 3000 år for at musikar Jens Chr. Kloster skulle få oppfylt ønsket om ein bronselur til eige bruk.

Bronselur på Torghatten

Jens Chr. Kloster og Gaute Vikdal prøvar ut sine nylaga bronselurar på Torghatten i Nordland.

Foto: Knut Vindfallet

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Då kongens fortenestemedalje skulle delast ut under ein seremoni ved Tromsø Museum i 1999, lånte museet inn ein lur for å skape den rette høgtidelege stemninga og hyrte inn trombonisten Jens Chr. Kloster til å spele. Då han skulle levere instrumentet tilbake, kom tårene:

Lurblæserne, statue i København

Statuen «Lurblæserne» stod klar på Rådhusplassen i København i 1914.

Foto: Jens Rost (Comrade Foot på Flickr)/CC 2.0

– Det var nesten som ei skilsmisse å levere tilbake instrumentet, seier Jens Chr. Kloster (63) i dag. Han er fødd i Danmark, men har budd i Tromsø sidan 1993. Han vart svært fascinert av den lånte luren:

– Det var så mange ubesvarte spørsmål knytt til instrumentet, det var skrive og forska så lite på det. Å få ha den, og så måtte levere den tilbake – det var svært utfordrande.

Kloster tok ei avgjerd: Han ville skaffe seg ein lur til eige bruk. Men korleis gjorde ein no det?

Høyr Jens Chr. Kloster og Gaute Vikdal spele på lurane i videoen nedst i artikkelen!

– Ikkje undervurder dei gamle lurmakarane!

Då bonden Ole Pedersen grov torv i myra si på Nord-Sjælland for drygt 200 år sidan, støytte han på ikkje mindre enn seks bronselurar. Funnet vakte oppsikt, ikkje minst då det viste seg at lurane var frå bronsealderen. Likevel tok det nesten 100 år før instrumenta vart utforska grundig musikalsk.

Frå 1890-talet og langt utover 1900-talet var lurane jamleg i bruk. Etter kvart vart det stadig strengare restriksjonar på bruken av lurane, ettersom medvitet om at bruken sleit på instrumenta vart sterkare.

Vi undervurderte fullstendig dei reine ferdigheitene og den tekniske kompetansen til lurmakarane vi forsøkte å følge i fotspora til.

Peter Holmes og Nik Stanbury
Bronselur

Ein av lurane som vart funne i 1797. I dag er den utstilt ved Nasjonalmuseet i København.

Foto: Nationalmuseet i København

På 1980-talet vart det gjort seriøse forsøk på å gjenskape instrumentet av to britar, forskaren Peter Holmes og metallhandverkaren Nik Stanbury. Dei møtte mange utfordringar og kom langt, men aldri heilt i mål med prosjektet. Dei opparbeida seg uansett ein enorm respekt for sine fjerne forgjengarar i handverket, og i ei oppsummering av arbeidet sitt frå 1986 skriv dei:

«Vi undervurderte fullstendig dei reine ferdigheitene og den tekniske kompetansen til lurmakarane vi forsøkte å følge i fotspora til. ... Vi tok feil i våre vurderingar både av kostnadane og tida som trengst til å utføre dette arbeidet! ... Til den som måtte prøve seg på oppgåva, må vi seie: ikkje undervurder dei gamle lurmakarane!» (Omsett frå engelsk av journalisten.)

To trombonist-lurentusiastar er betre enn ein

Jens Chr. Kloster tok ikkje lett på denne oppgåva. Han var i kontakt med fleire bronsestøyparar, og svara deira samstemte med Holmes' og Stanburys erfaringar; dei sa at oppgåva var kostbar og truleg for vanskeleg. Ein tysk instrumentmakar jobba med saka i åra 2003–2006, men måtte gi opp.

I 2005 fekk Kloster med seg ein samarbeidspartnar på laget: Gaute Vikdal, også han trombonist, men med vikingtidas neverlur som spesialitet. Saman fann dei endeleg ein bronsestøypar som hadde tru på prosjektet: Peter Jensen i København.

No stod ei nesten like krevjande oppgåve for døra: Å finansiere prosjektet. Kloster og Vikdal måtte gjennom mange rundar med søknader før finansieringa endeleg var på plass i 2010. Dei bestilte to lurar stemt i C, lurane vart gjerne funne i par, og no var dei to musikarar, òg.

– Utfordringa var å støype tynt nok

Bronsestøper Peter Jensen

Bronsestøypar Peter Jensen.

Foto: Jens Chr. Kloster

– Eg synest det var ei spennande oppgåve, det var jo ingen som hadde gjort dette før, seier Peter Jensen (50), bronsestøyparen som takka ja til oppdraget med å lage lurane.

Kloster hadde vore i kontakt med Jensen tidleg i prosessen, men då takka han nei. Han trudde oppgåva var umogleg. I dei neste åra gjorde han seg erfaringar som gav han trua:

– Utfordringa var å støype tynt nok. Sidan det første møtet vårt, hadde vi eksperimentert ein del med å støype tynne ting, som grantre med nåler så tynne som éin millimeter. Vi lærte nye ting om korleis temperaturen må vere på metallet, og på formene det skal støypast i.

– Så då dei kom tilbake, sa eg «ja, det kan eg klare!». Men heilt sikker var eg ikkje, så det var ei fin utfordring. Og så vart eg smitta av Jens og Gaute si begeistring for prosjektet.

Bygde ny omn for å lage lurane

Bronsestøper Peter Jensen i arbeid

Peter Jensen bygde ny omn spesielt til støypinga av lurane.

Foto: Jens Chr. Kloster

Peter Jensen hadde eit godt utgangspunkt for å klare oppgåva; han har jobba som bronsehandverkar i 30 år. Frå han var sju å jobba han i farens støyperi, som kan føre bronsetradisjonane sine tilbake til midten av 1850-talet.

Dei første forsøka på å støype lurdelane var mislukka. Jensen gjorde eit drastisk grep for å støypinga mogleg: Han fekk laga ein ny omn med plass til å legge formene i omnen. Med varmare former størkna bronsen langsamt nok til at dei tynne formene kunne fyllast med bronse.

Med nye omnar, justert temperatur og endringar i enkelte andre tekniske detaljar, som blandinga av festematerialet, hadde dei framgang: På tredje forsøk klarte Peter Jensen å støype vellukka delar til bronselurane.

– Dei gamle lurmakarane var svært, svært dyktige

Originalane Peter Jensen har jobba med å kopiere, er laga kring år 700 f.Kr. Jensen uttrykker stor respekt for sine fjerne forgjengarar i faget:

– Dei som laga desse lurane var svært, svært dyktige, seier Peter Jensen.

Støyping av bronselur

Flytande, glødande bronse vert fylt i former i Peter Jensens bronsestøyperi i København.

Foto: Jens Chr. Kloster

– Dei må ha øvd seg i generasjonar og forfina sitt handverk over lang tid. Og dei må ha lagt ned eit stort arbeid, eg vil gjette at det må ha teke om lag eitt år å lage eitt slikt instrument.

Jensen understrekar at handverkarane måtte ha gode kunnskapar på fleire område.

– Dei må ha visst masse om metall og om temperaturar. Dei brukte leirformer til å støype i, og må ha vore i stand til å berekne kor mykje den krympar for å treffe rett med storleiken på instrumentet og dermed tonearten. Og sidan ein brukar bivoks under prosessen, og voksen blir ulik alt etter kvar biene held til, må dei ha hatt stor kunnskap om biene også.

– Musikarane må ha vore spesialistar, dei òg

Det svært høge nivået på bronsehandverket seier ein del om samfunnet dei oppstod i, ifølge arkeolog Flemming Kaul ved Nationalmuseet i København:

– Dei leiande slektene må ha hatt stort nok økonomisk overskot til å halde seg med høgt utdanna bronsestøyparar med årelang erfaring, seier Flemming Kaul.

Dei gamle lurane var stemt heilt presist i høve til vårt tonesystem, noko som tilseier at det var eit visst nivå også på sjølve musikken:

– Når ein brukte så mykje tid og krefter på å sikre seg det heilt korrekte toneleiet, må det bety at musikken òg var yttarst forfina. Lurane skulle ikkje berre brøle som ein okse, eller seie tut-tut. Så musikarane må ha vore spesialistar, dei òg.

– Det må ha vore eit fantastisk syn

Helleristingar er den beste kjelda vi har til kunnskap om korleis lurane vart brukt.

Helleristingar frå Bohuslän, Sverige

Denne helleristinga frå Bohuslän i Sverige viser lurblåsarar om bord på eit skip.

Foto: Nationalmuseet i København

– På helleristingane ser vi luren i bruk på skip, som også fungerte som transportable tempel, seier Flemming Kaul.

– Her ser vi lurblåsarane saman med andre personar som ber fram solbilete. Helleristingane viser truleg tilbeding av sola, der ein gjennom rituala prøvde å kontrollere solas gang.

Arkeologen ser for seg at dei enkle helleristingane skildrar storslåtte, rituelle arrangement i bronsealderen:

– Det må ha vore eit fantastisk syn når store skip – nokre med hestehovud på stamnen – vart padla fram i det skandinaviske fjordlandskapet, medan dansarinner dansa på skipa, solbilete og kultøkser vart bore fram, gjerne av menn med horn på hjelmen, medan heile dette fantastiske scenario vart hylla inn i den mystiske, rungande klangen frå lurane.

– Vi kallar det å kome i oldtidsstemning

Jens Chr. Kloster og Gaute Vikdal spelar bronselur

Jens Chr. Kloster og Gaute Vikdal spelar bronselur.

Foto: Knut Vindfallet

Det er Arkeologisk Museum i Stavanger som eig lurane i dag, men Jens Chr. Kloster og Gaute Vikdal har fått ti års bruksrett til dei. Dei to har brukt om lag 150.000 av eigne midlar på reiser og andre utgifter til prosjektet, medan ulike støtteordningar har dekt inn 450.000 til sjølve instrumenta.

Kloster og Vikdal venta ikkje lenge med å ta instrumenta i bruk: I august 2013 kunne ein høyre instrumenta offentleg for første gong under Pundhattenfestivalen i Brønnøysund, og det neste året heldt dei konsertar over heile landet saman med ensemblet Klang av oldtid.

I november 2014 kulminerte Kloster og Vikdal si lange lurferd, 15 år etter at Kloster fekk ideen: Dei to blåsarane opna den direktesende opninga av Bodøs nye kulturhus Stormen, med ein spesialskriven fanfare av komponisten Bjørn Andor Drage. Dei sterkaste opplevingane for Jens Chr. Kloster er likevel å sjå på nært hald publikums reaksjonar på lurlyden:

– Det er ikkje uvanleg å sjå at folk vert som paralyserte av lyden, ein kan sjå at dei mediterer over det dei høyrer og drøymer seg bort til ei anna verd. Vi kallar det å kome i oldtidsstemning.

Jens Chr. Kloster og Gaute Vikdal spelar bronselur under opninga av kulturhuset Stormen i Bodø.

Jens Chr. Kloster og Gaute Vikdal spelar bronselur under opninga av kulturhuset Stormen i Bodø i november 2014.

Høyr i nettradio: Intervju med Gaute Vikdal i Spillerom

(Sitatet frå Holmes og Stanbury er henta frå boka Second Conference of the ICTM Study Group on Music Archaeology, Volume II: The Bronze Lurs, Stockholm 1986.)