Hopp til innhold

Geir Rommetveit

Er han for gammal for Norge Rundt, eller er det bare nyhetsrynkene som blir til smilerynker?

Geir Rommetveit
Foto: Kristian Ervik / NRK

Eg blir 57 år mens eg er programleiar i Norge Rundt i vår. Men Norge Rundt er jo programmet for alle aldrar, så for gammal er eg ikkje! Radioen har dei beste bilda, har eg ofte sagt, men kanskje må eg ta det i meg nå ...

Dei siste 10 åra har eg frå Bergen laga radio for Dagsnytt og andre nyhetsprogram i NRK og har stortrivst med det. Før eg flytta til Bergen, var eg einaste journalisten for NRK ved kontoret på Stord og hadde mange fine ferjeturar rundt omkring i Sunnhordland.

Men når eg nå får sjansen til å koma heim til deg også gjennom tv-skjermen, gler eg meg til å gi deg gode, levande bilde på fredagskvelden.

Jærbu

Bryne er plassen på Jæren der eg vaks opp, og truleg tek eg deg med til Jæren for å visa deg kor fantastisk jærlandskapet er. Sjølv hadde eg sommarjobb på ein stor jærgard fleire år og laga ost eitpar somrar på meieriet. Så sjølv om eg nå bur rett bak Bryggen i Bergen har eg stor sans for gards- og bygdemiljø.

Lærar

I dag er det ikkje mange som blir journalist utan å ha solid medieutdanning. Men eg er ein av dei gamle i NRK som klarte å få seg journalistjobb via læraryrket. Etter 7 år som lærar i Eigersund og 5 på Stord kom eg meg ut av klasserommet og "landskapet" (delvis open skule). Har nok sakna kontakten med elevane og kollegane, men som journalist får eg i stor grad tilfredsstilt forvitenskapen min.

Objektiv og personleg

I nyhetsarbeidet har eg prøvd å tilstreba nøytralitet, vera sakleg og bortimot objektiv. Og det er vel helst slikt som er gale, uheldig eller dramatisk eg har rapportert om i dagsnytt, Her og Nå og andre aktualitetsprogram.

Her i Norge Rundt veit eg at eg kan og må dyrka fram andre sider og gi meir av meg sjølv - utan at eg innbiller meg at det er difor du vil sjå Norge Rundt .

Til deg som såg "Uti vår hage" der komigutta laga sitt eige Norge Rundt ...... eg kan ikkje lova å overgå deira fantastiske oppfinningar, som fulglebur av sigarettsneipar eller matboks av lighterar, men at me også i vår vil møta kreative menneske i sendingane fredagskvelden, det kan eg lova!

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.