Hopp til innhold

Garness

På niårsdagen til tvillingjentene Hildegunn og Ingelin Reigstad gav dei ut ein barne-cd med sine eigne tekstar, no er jentene 22 år og klare for det ”vaksne” artistlivet.

Garness
Foto: Eilif Stene

Vil du vite korleis desse jentene syng er det berre å sjekke ut musikkvideoen deira , der syng dei ein song som dei har laga sjølv, den heiter "Loose treads". På laurdag skal dei synge denne songen på Kjempesjansen-scena.

Starta tidleg

Hildegunn og Ingelin fortel at dei ikkje ein gong hadde byrja på skulen då dei starta å skrive sine eigne tekstar og melodiar. For tretten år sidan slapp jentene sin første cd, med sine eigne tekstar. ”2 på 9 – slipper lovsangen fri” var namnet på cd-en som gjorde til at jentene fekk smaken på musikklivet.

- Vi fekk det jo nesten inn med morsmjølka, fortel Hildegunn.

Jentene skriv framleis songane sine sjølv, men no er det gitarbasert pop på engelsk jentene satsar på.

Deltatt på mykje

Med sin unge alder på berre 22 år har Hildegunn og Ingelin allereie levd eit langt liv som artist. Dei har allereie rukket å delta på meir enn 15 cd-innspelingar, både som artistar og som koristar.

- Vi var med i Absolutt norsk, som gjestar i 2001 og som faste koristar i dei to åra etter.

Sommaren 2003 deltok jentene og på ein internasjonal musikkonkurranse i Colorado i USA. Denne konkurransen gjekk jentene heilt til topps med sin eigen låt.

Familieband

Garness
Foto: Eilif Stene

Tvillingane har spelt mykje saman opp gjennom åra, og heile familien har reist mykje rundt saman og opptredd.

Ein gong når jentene var veldig unge hadde familien reist på sommarstemne for å opptre saman.

- Eg tok meg ein spasertur rundt i området, og eg tok meg god tid. Plutseleg høyrte eg nokre velkjente tonar frå utescena eit stykke unna. Familien min var i full gong utan meg, fortel Hildegunn.

Då var det berre å ta beina fatt for den vesle jenta.

- Eg skulle synge solo å første verset! Eg sprang alt eg kunne mot scena og opp til dei andre som sto der ganske lattermilde og song. Eg tok mikrofonen akkurat i tide til verset skulle byrje, men då var eg så andpusten at eg ikkje fekk fram ein einaste tone. Trur alle som såg på syns det var veldig sjarmerande, men for meg var det ganske alvorleg, fortel Hildegunn som i dag smilar av heile episoden.

Kva vil de bruke pengane de vinn til?

- På å vidareutvikle musikken vår, og på å gjere ferdig albumet vårt slik at vi kan få ut vårt første album som vaksne artistar.

På gøy med Garness:

Kva er det mest ”nerdete” ved deg?

Hildegunn: Eg brukar veldig lang tid på ting, klarar ikkje å vere slurvete, og kalla effektiv…

Er det noko du absolutt ikkje klarer?

Ingelin: - Rulle tunga slik at den blir til ein U. Det klarar til og med Hildegunn! Slikt skal eigentleg vere genetisk, men det kan ikkje stemme, i og med at eg og Hildegunn i teorien har identiske genar!

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters