"Gargantua" av Francois Rabelais er ei av dei raraste, mest groteske og underhaldande bøkene som finst. Tidlegare i år kom boka ut på norsk, i ei imponerande omsetjing signert Erik Ringen. Imponerande, fordi mykje av komikken i boka ligg i ordspel og underlege namn. Her møter vi Kolerikk og Knullius, hertugane av Rumpeballe og Uslevang, for ikkje å gløyme vicomten av Flatlusvik.
Fråtsing og sex
Og dermed er eindel allereie sagt om verket, som eksellerer i fråtsing, sex og dritprat i så bokstaveleg forstand at moderne lesarar som har vakse opp med ein viss blygsel omkring det som skjer bak låste dører med hjarte på, får rista seg skikkeleg.
Midt på 1500-talet sat den lærde presten Rabelais i Frankrike og lirte av seg parodiar på riddarromanar og helteepos og pompøs lærdom, og det på ein slik måte at lesarar i 2001 som ikkje har eit fortruleg kjennskap til slike sjangrar, likevel finn mykje å more seg over. Og sjøl om forfattaren insisterer på at det finst ei høgare meining i det ein i første omgang kan tru var skrive "i ren munterhet", så kan dagens lærde ta seg av den biten.
Kjempen Gargantua
"Berømmelige drukkenbolter, og dere, inderlig kjære syfilitikere, for det er dere og ingen andre jeg tilegner mine skrifter!"
Slik opnar Rabelais verket, allereie der med ein parodi på tidas hang til å prise lesaren. Så går det slag i slag. Helten, Gargantua, er ein kjempe som dreg ut i verda for å skaffe seg lærdom. Av og til er han ikkje meir kjempe enn at det fint er plass til han ved bordet i kroa, av og til er han så diger at det finst svære landsbyar inne i tanngarden hans. Lesarar med hang til samanheng og logikk vil ha tunge stunder under lesinga. Andre kan ta ei billeg tidsreise tilbake til tida før opplysningstid og romantikk og realisme og Freud og alt det andre som har lassa seg opp av kunnskap og konvensjonar dei siste 500 åra.
Moderne tekst
Og oppdage at alt er annleis, men noko likevel ganske moderne, som når Rabelais kommenterer sin eigen tekst:
"Bakerst i boken var det en liten avhandling med tittelen: "Antidoterte lyskesprell". Rotter og kakerlakker eller (for ikke å si noe galt) andre udyr hadde gnaget i seg begynnelsen. Resten har jeg føyd inn her av respekt for fortiden."
Og så følgjer ein tekst med spor av rottetenner. Eller andre dyretenner for ikkje å seie noko gale. Det er berre å gje seg over, som også forfattaren oppmuntrar til i slutten av forordet:
"Ta derfor mine ord og gjerninger i aller beste mening og vis respekt for min osteformede hjerne som nærer dere med dette vakre, velklingende vrøvl, og gjør deres beste for å møte meg med humør.
Så kos dere nå, mine kjære, og les resten til deres egen forlystelse. Det vil gi dere kroppslig velvære og styrke nyrene.
Men pass no på, elendige eselkukar- måtte elles verkebyllar gjera dykk til krøplingar! -hugs endeleg å drekka ein skål for meg og, så skal eg fluksens svara med same mynt."
Francois Rabelais: Gargantua
Omsett til norsk av Erik Ringen
Bokvennen 2001.
Anbefalt av Marta Norheim