Hopp til innhold

Fryktar valdshandlingar under filmpremiere

Etter fleire masseskytingar i USA fryktar enkelte for valdshandlingar under premieren på storfilmen «Joker» denne veka. Fleire kinoar har innført kostymeforbod, men politiet seier publikum ikkje har noko å frykte.

Joaquin Phoenix som Joker

Joaquin Phoenix har hausta mange lovord for måten han tolkar Batman erkefiende Joker på i ein ny film. Filmen handlar om korleis skurken blei den han blei. Men i USA fryktar mange filmen skal føre til valdshandlingar i og utanfor kinosalen.

Foto: Warner Bros/SF Studios

Under premieren av Batman-filmen «The Dark Knight Rises» i 2012 opplevde USA ei av dei alvorlegaste skytemassakrane i landet i nyare tid.

Ein maskert mann tok seg inn i ein kinosal i byen Aurora utanfor Denver, Colorado, og skaut og drap 12 menneske. Den 24 år gamle gjerningsmannen blei seinare dømd til livsvarig fengsel.

Denne veka har filmen «Joker» verdspremiere med Joaquin Phoenix i rolla som den ikoniske Batman-skurken. Filmen har fått gode kritikkar etter at han blei vist på Filmfestivalen i Venezia, og det blir snakka om at Phoenix kan få ein Oscar for rolletolkinga.

Kostymeforbod

Men før premieren er enkelte skeptiske fordi dei fryktar valden i filmen skal inspirere nokon til valdsbruk. Fleire kinoar i USA innfører tiltak for at kinogjengarane ikkje skal kjenne seg utrygge. Blant anna har kinokjeda Landmark i USA kostymeforbod, skriv The Hollywood Reporter.

– Eg ønsker at kundane våre skal kjenne seg trygge hos oss, seier Landmark-direktør Ted Mundorff til nettstaden.

Etter skytinga i Colorado fekk kinokjeda forbod mot masker og ansiktsmåling. No blir dette altså også utvida til å gjelde kostyme.

Christian Bale og Sibi Blazic

Batman-skodespelar Christian Bale og kona hans Sibi Blazic besøkte byen Aurora i Colorado i 2012, etter at 12 menneske blei drepne under ei framsyning av Batman-filmen Bale spelte i.

Foto: Ted S. Warren

Men politiet seier dei ikkje har informasjon om moglege trugsmål rundt premieren. Men dei følgjer likevel situasjonen nøye.

– FBI er i kontakt med lokalt politi og private samarbeidspartnarar om postingar på nett. Og som alltid oppmodar vi publikum til å vere vaktsame og melde frå om dei ser noko mistenkeleg, seier Ann Parrillo i FBI til The Hollywood Reporter.

I Los Angeles blir det meir synleg politi i gatene rundt premieren. Samtidig seier dei til Deadline at folk ikkje bør legge band på seg.

– Vi oppfordrar alle til å gå ut og nyte dei helgeaktivitetane denne byen har å by på. Samtidig bør folk vere vaktsame og merksame på det som skjer rundt ein. Sei ifrå om du ser noko.

Blir påverka

Etter store valdshandlingar, kjem debatten om kva som har fått gjerningspersonen til å utføre handlingane. Då blir det ofte vist til kva filmar og spel han eller ho har sett eller spelt.

Men det blir alt for lettvint å peike på enkelttitlar og seie at det var det som utløyste valdshandlinga, seier førstelektor Kjetil Rødje ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo.

Kjetil Rødje

Kjetil Rødje ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo åtvarar mot å tru at ein film aleine kan føre til valdshandlingar.

Foto: UiO

– Det er problematisk at fokuset blir lagd på ein enkeltfilm som skal trigge eller utløyse ei valdshandling. Vi blir påverka av filmar, men dei påverkar aldri aleine. Dei verkar saman med mange andre faktorar som ofte veg meir.

Han har blant anna forska på vald og mediebruk. Korleis ein film eller spel påverkar oss, er avhengig av samanhengen vi opplever filmen og spelet. Difor kan omtalen av ein film påverke vel så mykje som sjølve filmen, seier Rødje.

– Korleis ein film blir marknadsført og omtalt har noko å seie. Korleis vi fekk høyre om filmen og kva vi veit om ein film, formar både om vi ser filmen og korleis vi oppfattar han. Det fører ikkje til ein negativ konsekvens, men det forvar korleis filmen verkar.

«Joker» har verdspremiere 4. oktober, og blir også vist på norske kinoar.

Kulturstrøm

  • Norge vant sølv i EM brass band

    Eikanger-Bjørsvik Musikklag fra Nordhordland havnet på en 2. pass i det europeiske brassbandmesterskapet i mesterskapsseksjon i Palanga i Litauen lørdag.

    I tillegg vant de solistpris for trombonisten.

    – Eikanger-Bjørsvik er veldig fornøyd med 2. premie på EBBC 2024 Palanga, skriver Eikanger-Bjørsvik musikklag på Facebook.

    Brassband Treize Etoiles fra Sveits fikk 1. plass og Brassband Willebroek fra Belgia fikk 3.-plassen, ifølge resultatlisten.

  • 40 år sidan Dollie-jentene song for livet

    Søndag er det nøyaktig 40 år sidan den norske duoen Dollie de Luxe deltok i den internasjonale Eurovision-finalen med låten «Lenge leve livet».

    På Instagram spør Dollie-medlem Ingrid Bjørnov om andre også har hatt filler i håret! Benedikte Adrian var den andre i duoen, som kom på 17. plass i finalen.

    Dollie de Luxe ble nummer 17 av 19 i den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen i 1984.
  • Voldsomme reaksjoner på dansk Eurovision-artist

    Danmarks Eurovision-håp, artisten Saba, forteller at hun har vurdert å trekke seg etter kraftige reaksjoner på at hun deltar i den europeiske finalen.

    Reaksjonene kommer i forbindelse med Israels omdiskuterte deltakelse i Eurovision samtidig med krigføring på Gazastripen.

    Anna Saba Lykke sier til Ekstra Bladet at hun har bearbeidet opplevelsen med psykolog, og at hun nå har valgt å stenge alle sine sosiale medier etter kraftige oppfordringer om at hun bør trekke seg.

    Saba mener det er viktig for mangfold og representasjon at hun deltar. Hun har vært åpen om at hun er skeiv, adoptert og har utfordringer med psykisk helse.

    Hun er også blant artistene som har underskrevet oppropet om fred og våpenhvile i Gaza.

    Den danske sangeren Saba, Anna Saba Lykke.
    Foto: Ida Marie Odgaard / AP