Hopp til innhold

Fryktar statleg lærebokmonopol

Forleggar William Nygaard er kritisk til etableringa av det fylkeskommunale prosjektet Nasjonal Digital Læringsarena.

Forlagssjef William Nygaard
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Forleggar i Aschehoug William Nygaard er kritisk til etableringa av det fylkeskommunale prosjektet Nasjonal Digital Læringsarena, NDLA, som tredde i kraft i 2007.

Prosjektet leverer digitale læremiddel gratis til dei videregåande skulane på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Nygaard meiner NDLA fører til ei monopolisering av læremiddeltilbodet.

- NDLA er eit tilløp til ei monopoldanning. Det er ein offentleg produksjon av læremiddel. Skattebetalarane sine pengar går til produksjon til noko som etterpå vert delt ut gratis ved skulane, seier William Nygaard.

Bård Vegar Solhjell

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell og Kunnskapsdepartementet står bak NDLA.

Foto: Kjetil Jordan / NRK

For mange fylkeskommunar med ein pressa økonomi er NDLA eit rimeleg alternativ til det å kjøpe inn tradisjonelle lærebøker eller digitale læremiddel frå de store forlaga. Men dette får konsekvensar både for utvalet av læremiddel og for forfattarane som skriv lærebøkene.

Alle elevar ved vidaregåande skular får no gratis skulebøker, som vert kjøpt direkte frå forlaga på anbod. Dette taper forlaga mykje pengar på fordi dei også eig bokhandlar. Forlaga har dermed mista kontrollen over skulebokmarknaden.

- Dersom digitale lærebøker vinn fram, kan forlagsleddet på sikt verte overflødig, seier Kulturnytt sin kommentator Knut Hoem.

Konkurransevridande

Nasjonal Digital Læringsarena er sterkt konkurransevridande, meiner kontorsjef i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, NFF, Mads Liland.

- Det seier seg sjølv at ein så stor aktør, som NDLA som har ambisjonar om å verte, ved tilby gratis lærebøker i ein kommersiell marknad er konkurransevridande. Det undergrev moglegheita for å utvikle, produsere og distribuere lærebøker kommersielt, seier Liland.

NFF har no sendt ut eit protestopprop til dei 1300 lærebokforfattarane blant sine medlemmer, der dei stiller spørsmål ved kvaliteten på de digitale læremidla som vert distribuert gjennom Nasjonal Digital Læringsarena. Forlagssjef William Nygaard ser mørkt på utviklinga dersom NDLA ført vidare:

- Det fører til ei monopoldanning. Eit statsforlag-liknande initiativ som ein har sett i ikkje-demokratiske land. Dette kjem til å få kolossale følgjer for kvalitetsutviklinga og mangfaldet i læremiddelutviklinga, og den enkelte elev, seier William Nygaard.

Digitalt supplement

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell seier at dei digitale læremidla er meint som eit supplement til vanlege bøker. Han meiner at dei garantert kjem til å ha bruk for gode forlag også i framtida.

- I evalueringa vår av NDLA kjem det fram at dette er kvalitetslæremiddel. Men vi må passe oss for å éin aktør som konkurrerer ut dei andre. Alle er interesserte i at det skal vere kvalitet og at det skal vere konkurranse om å produsere læremiddel, seier Bård Vegar Solhjell.

HØYR HEILE DEBATTEN HER: William Nygaard møtte Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell til debatt

Kulturstrøm

  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters
  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.