Med den countryinspirerte låta skal Arbeiderpartiet sanke stemmer til stortingsvalet til hausten. Songen er skrive av gruppa Bøygard, som sjølv tok initiativet til valkampsong for partiet.
Partia vil kapre stemmer
Valkampleiar i Arbeiderpartiet Snorre Wikstrøm, meiner
formidlar verdiane Ap står for.- Vi trur denne songen vil nå ut både gjennom speling på radio og på våre valkamparrangement rundt i landet. Vi håpar den tiltrekker veljarar som likar musikk, seier valkampleiaren.
Fleire norske politiske parti brukar i år song og musikk aktivt for å kapre veljarar.
Framstegspartiet har lansert songen
og planlegg ein heil cd med kampsongar før valet, seier generalsekretær Geir Mo.- Musikk er ein fin måte å kommunisere på, seier Mo.
Venstre lyste ut ein konkurranse om å skrive den beste venstrelåta. Songen
fekk æra av å kapre veljarar for partiet.I musikkvideoane til Sosialistisk venstreparti på internett er det Kristin Halvorsen som er
.
Blir ikkje lista på Petre
Rapgruppa Gatas Parlament er kjent for å skrive politiske tekstar og har laga ein
på Frp-songen.Samfunnsredaktør i NRK Kyrre Nakkim meiner Frp og Ap heilt klart får fram bodskapet i sin eigen politikk. Men han trur ikkje nokon går og stemmer Ap fordi dei likar songen deira.
- Eg trur desse songane fungerar meir slik som songar ein har på fotballbana. Det er med på å skape samhørigheit blant dei som allereie har ein identitet til partiet.
Og sjølv om partia gjerne skulle spelt låtane på radio, tyder mykje på at det kan bli vanskeleg.
- Eg kan love at vi ikkje kjem til å liste nokon av desse låtane på Petre, seier musikksjef Mats Borch Bugge.
Kva synest du om valkampsongane?