Hopp til innhold

Frida Fredrikke

Denne jenta spelte piano i mange år, ho har sunge i kor, men det er ikkje det Frida kan best, cello er det ho er meister på.

Frida Fredrikke
Foto: Ole Kaland / NRK

På laurdag skal Frida ta med seg celloen sin og spele for oss på Kjempesjansen-scena. Då spelar ho Rossinivariasjonar av B. Martineu. I  musikkvideoen hennar kan du sjå denne unge jenta spele Requiebros av Gaspar Cassado.

Mykje, overalt

Frida har opptredd mykje, og overalt. Alt frå lokalradio til store konsertar i utlandet.

- I april spelte eg konsert i München med Bayerische rundfunk orkester. Den konserten blei direktesendt på radioen her i Norge og i utlandet.

Elles har Frida vore med ”Godt musikkår” på NRK1, opptil fleire gonger, både som solist og i orkesteret.

Starta i Horten

Men det heile starta ikkje i München eller i ”Godt musikkår”, det heile starta sjølvsagt heime i Horten. Frida har eit opptak frå ein julekonsert, der ho spelte bjelleklang saman med læraren min. Latteren sit laust då Frida tenkjer tilbake på då ho øvde til førestillinga.

- Eg hugsar at mamma gjekk rundt med leikehest, med ei bjelle rundt halsen, og kjerre på golvet då eg øvde på stykket. Eg kan berre hugse positive ting ved det å opptre, det er det beste eg veit!

Ryddig

Dei fleste artistar har ritual dei berre MÅ gjere før dei går på scena. Det har sjølvsagt denne jenta og, endå hennar ritual kanskje er litt utanom det vanlege.

- Det må vere ryddig rundt meg på det rommet eg er på når eg øver før eg skal opptre. Ofte er rommet ugjenkjenneleg etter at eg har flytta på møblar og diverse.

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

- Eg treng pengane til vidare utdanning, til lånet på celloen min og så sparar eg til ei skikkeleg bra bue. Når eg reiser med celloen må den ha eige sete, og det er ikkje alltid så billig sidan celloen reknast som ein vaksen person.

På gøy med Frida:

Har du nokre spesielle interesser?

- Eg likar veldig godt å teikne hus! Ikkje berre utanpå, men og interiøret, romløysing og slikt. Difor likar eg godt å lese bustadaviser, nokre gongar når eg har sett eit flott hus må eg berre teikne det.

Er det noko du er spesielt dyktig til?

- Det er litt vanskeleg å forklare, men eg kan bevege auga i forskjellege retningar.

Samlar du på noko?

- Samla i ein periode på døde insekt, som sommarfuglar, vepsar, fluer og slikt. Eg har dei forresten framleis.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP