- Vi har eit sterkt forhold til Noreg og nordmenn. Vi likar oss godt her.
Vokalist i Travis Fran Healy vert engasjert når han byrjar å snakke om Noreg. Ein kan tydeleg sjå at både han og bandet trivst med å besøke kalde nordbuarar. Vi er visst heller ikkje så ulike skottar.
- Vi skulle eigentleg flyge opp til Trondheim frå Oslo, men valde å køyre i buss. Det var flott å sjå fjella og snøen. Det er nesten som heime.
Det magiske
Har du ikkje nynna på "Sing", har du gjerne nynna på "Why does it always rain on me" eller kanskje "Flowers in the window". Musikken Travis lagar har lett for å fenge platekjøparar her i landet. Akkurat det ligg på eit djupare plan trur Healy.
- Det handlar ikkje om språk. Det handlar heller ikkje om felles kultur eller noko slikt. Det er det unike med musikken. Nokon gongar treff vi med det vi skriv om og formidlar. Eg trur det er det magiske ved musikken.
- Så du føler at nordmenn forstår kva de syng om?
- Ja, eg gjer det. Eg kjenner det på meg når eg står på scena her i Noreg.
Medvistlaus
Magi følgjer Travis på mange måtar, i følgje Healy. Då dei gav ut ein av bandet sine mest populære songar "Why does it always rain on me", regna det som aldri før i England. Ni månader etter "Side" opplevde England ein babyboom utan om det vanlege.
- Eg trur vi er kunstnarar som har i oppgåve å formidle nokon til folk. Eg ser av og til på meg sjølv som han fyren som står framme på båten og ropar land i sikte.
- Dette gjer du bevisst?
- Nei for meg er det å skrive tekstar å skrive i medvitslaus tilstand. Eg dukkar på ein måte ned ein stad er det ikkje finst prat, eg kan ikkje høyre eller sjå. Der sit eg med gitaren og plukkar opp det eg skal formidle.
- Så du er formidlaren?
- Ja det er nettopp slik eg ser på det. Vi er artistar eller kunstnarar som kan seie frå til folk kva som skjer.
Ei vond verd
I sine djupe dykk ser Fran Healy mykje vondt. Vi lev i ei vond verd, meiner han.
- Heilt sidan smellet i New York har skreve tekstar med innhald av kor ille mykje av det vi har rundt oss her. Folk med ansvar forkludrar det heile så mykje til.
- Du tenkjer på Bush og Blair?
- Eg trur dei lyg mykje meir enn vi veit om. Tenk korleis det hadde vore om folk kunne seie sanninga?
På grunn av alt det vonde som skjer rundt oss vil Healy at vi gjerne skal prøve å ta eit tak sjølve. For det er ikkje han og musikken som skal redde verda.
- Nei, på ingen måtar. Musikken er det universelle som binder oss saman. All form for levande vesen brukar musikk. Men når stemma i hovudet vårt byrjar å prate, då lyg vi og då kjem vondskapen fram. Tenk om vi berre kunne tralle i veg?