Vigdis Hjort
Fordeler og ulemper ved å være til
Cappelen 2005
Av Marta Norheim/Lisa Kristin Strindberg
- Eg kan godt vise fram rompa mi, men eg nektar å fortelje kva eg bruker ho til, sa den franske forfattaren Marie Cardenal. Med det meinte ho neppe å slå eit slag for kollektiv mooning, som det å vise rompa offentleg heiter på kjekt språk.
Fordeler og ulemper ved å være til. Cappelen
Eg trur ho prøvde å seie at det mest intime og hemmelege og kanskje skammelege i eit menneskeliv er så veldig, veldig allment, - anten det no handlar om kroppsdelar, eller svake sider eller handlingar vi er flaue over. Alle har romper, alle kjem til kort no og då og nesten alle har teke eit glas for mykje.
Jovialt «Hotel Cæsar»
Det ligg ein generøsitet i eit slikt syn på livet, og denne generøsiteten er det som gjennomsyrer Vigdis Hjorths roman «Fordeler og ulemper ved å være til». Nina Færøvik, ei kvinne utan fortid, rid inn i småbyen på Norges Statsbaner og nyopnar eit gammalt pensjonat der stamgjester og naboar utfaldar sine svært så menneskelege sider medan Nina arrangerer bryllup og gravferder.
Rettnok sovnar brura midt i middagen etter å ha slukt ein sovepille i rein forvirring, rettnok endar 80-årsdagen i arvekrangel og eit forsøk på diskrét utruskap blir forstørra til offentleg skandale ved eit uhell, frykteleg pinleg alt saman, men svært så menneskeleg og Nina forstår og og dekkjer over. For den som ikkje har fortid, den er god på å dekkje over.
Underhaldande og klok
Vigdis Hjort
Og dermed får denne jovialt-skandaløse versjonen av Hotel Cæsar ein interessant undertone. For kven er dette gode mennesket Nina Færøvik som ser så uforskamma lyst og forsonleg på livet? I samtidslitteraturen blir slike som henne avslørt som løgnaktige og falske, i alle fall viss dei manglar fortid.
Her skal ikkje røpast kva Hjorth gjer med Nina, her skal eg berre på tampen nemne at i ei slik historie om kvarmann som dette er, passar det heilt ypperleg å la personane vere roller meir enn individ. Så let vi oss more av pensjonatkomikken, mens ettertanken går til Nina, som kanskje er eit godt menneske og kanskje noko heilt anna. Det er moro å lese ein roman som både er velskriven, underhaldande og klok på same tid.
Kulturnytt i P2,