Hopp til innhold

Fleire trendar i sosiale medium bekymrar – «smal midje»-trend er ein av dei

Å surra øyreproppar dobbelt rundt midja for å visa kor smal ein er, har florert i sosiale medium. – Utruleg urovekkande, seier påverkar Danae Mercer.

Trender i sosiale medium vekker oppsikt

KROPPSPRESS: Påverkar Danae Mercer går no hardt ut mot ulike trendar som #earphonewaistchallenge og trenden som handlar om å få plass bak eit A4-ark.

Foto: Skjermdump sosiale medium

Ulike variantar av såkalla «midjeutfordringar», som #earphonewaistchallenge, er nokre av dei mange trendane som unge blir eksponerte for på sosiale medium som TikTok og Instagram.

Utfordringa handlar om å surra leidningane til Iphone-øyreproppar to gongar rundt midja, for å heidra kor smal midje ein har.

Den Dubai-baserte journalisten og påverkaren Danae Mercer er ein internasjonal profil som jobbar aktivt mot kroppspress og farlege skjønnheitstrendar i sosiale medium.

– Det er eit stort problem at unge jenter blir eksponert for diettpress, seier Mercer til NRK.

Pro-anoreksigrupper

Mercer med 2 millionar følgarar på Instagram har den siste tida gått hardt ut spesielt mot TikTok.

– Det som bekymrar meg er at jenter heilt ned i tiårsalderen blir invitert inn i pro-anoreksi-grupper på denne plattforma. Nokre av desse meldingane når ei veldig ung befolkning, og det er urovekkande, seier Mercer.

Ho trekk også fram #A4paperwaistchallenge som handlar om å visa at midja er smalare enn eit A4-ark. Dette har ho også tatt tak i på instagramprofilen sin.

Ifølge den britiske avisa Daily Mail skal utfordringa med øyreproppane ha gått viralt i februar i fjor, og starta i Kina.

– Me har stor sympati med dei som er ramma av dette. Mental helse påverkar folk ulikt, og ekspertar seier til oss at det som kan vera til hjelp for nokon, kan vera skadeleg for andre. Å finna den riktige balansen er viktig. Me tillèt ikkje innhald som promoterer eller oppmodar til eteforstyrringar, men me lèt folk få diskutera eteforstyrringar og dele erfaringar om å bli frisk. Me veit det er meir arbeid å gjera, og me jobbar konstant med ekspertar og folk med personlege erfaringar for å sørga for at retningslinjene våre er riktige, skriv ein talsperson frå Instagram til NRK.

TikTok har ikkje svart på førespurnadane.

Mange trendar

Ekspertar bekymrar seg også over andre typar skjønnheitstrendar som florerer i sosiale medium.

Emneknaggen #Veneers har over 559 millionar visningar på TikTok, og er ein av trendane som truleg har skapt mest oppstyr i sosiale medium dei siste månadane.

Denne handlar om å slipa ned tenna, slik at kunstige tenner kan setjast oppå. Det bekymrar fylkestannlegen Claes Thorbjørn Næsheim i Innlandet at unge med heilt friske tenner gjer dette.

– Det er viktig å vita at all nedsliping av intakte tenner inneber ein stor risiko. Dette fordi bortsliping av emaljen kan skada tann-nerven med behov for rotfylling som resultat.

Skjermdump sosiale medium. TikTok
Foto: Skjermdump sosiale medium

Han legg til at desse kronene må skiftast fleire gonger i løpet av eit liv på grunn av slitasje.

Ein annan emneknagg, #DIYBeauty, har blitt klikka på nesten 159 millionar gonger. Eitt av tipsa ein finn her er å bruka vanleg måling som ansiktsmaske for å tørka ut kviser.

Psykolog Maria A. Østhassel ser at mange ungdommar følger med på trendar som er både farlege for den fysiske og den psykiske helsa. Ho lever av å vera psykolog på TikTok og Instagram, og legg ut videoar med tips og råd.

TikTok-psykolog Maria A. Østhassel

TIKTOK-PSYKOLOGEN: Maria A. Østhassel legg ut videoar på Instagram og TikTok for å hjelpa barn og unge.

Foto: Lars Gunnar Eie / NRK

– Om du blir avhengig av å få stadfesting på denne måten, blir du avhengig av noko som ligg utanfor deg sjølv, som er ganske ekstreme tendensar, seier ho.

– Skift fokus

– Det dukkar opp så mange nye ting heile tida, ting eg ikkje har tenkt på før at i det heile tatt er mogeleg å fiksa på. Eg trur det er vanskeleg å ikkje la seg påverka litt, fortel Annika Momrak frå NRK 4ETG.

Annika Momrak frå NRK 4 ETG

PRESS: Annika Momrak erfarer at det er mange ulike trendar som bidrar til press, og synest det er forståeleg at unge blir påverka.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Ho er sjølv mykje på både TikTok og Instagram, og fortel at ho prøver å vera bevisst på kva sosiale medium gjer med ho.

– Eg blir så veldig mykje meir sjølvgranskande. Det er som at eg sit og kikkar på meg sjølv med lupe og tenker «Ho fiksa på den tingen, korleis er det mine tenner ser ut? Burde eg også gjera noko?», som er ein veldig tullete tankegang. Eg har jo ikkje vore opptatt av desse tinga før, så kvifor skal eg byrja å tenka det av å sjå det på TikTok? Det er jo heilt idiotisk.

Ho oppmodar unge om å prøva å fokusera på andre ting, som for eksempel kva ein vil engasjera seg i eller korleis dei rundt seg har det.

– Eg har veldig trua på generasjonen som veks opp no og at det kjem til å gå veldig bra med dei, seier ho.

  • Sjå også:
    Danae Mercer vil vera eit godt forbilde på Instagram

    Journalist og påverkar Danae Mercer vil visa ekte og ærlege bilde av kropp på Instagram for å jobba mot kroppspress.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober