Hopp til innhold

Stoltenberg fortel om «Småbyliv»

Robert Stoltenberg endrar litt på suksessoppskrifta når han tar med fjernsynssjårane til småbyen Elvesund på NRK i haust.

Robert Stoltenbergs fire Småbyliv-karakterer

Robert Stoltenbergs fire Småbyliv-karakterer. Fra venstre: Pastor Jonas, figuren Randi, frisøren Svein og ordførar Henning.

Foto: Julia Nagelstad/Ole Kaland

– Det blir litt meir drama, litt mørkare, seier Robert Stoltenberg om sin nye serie Småbyliv, som handlar om dagleglivet i den fiktive småbyen Elvesund.

Han har tidlegare hatt fleire suksessar på skjermen, og er kanskje mest kjend frå Borettslaget, der han spelar mellom anna ein masete vaktmester og ein alkoholisert finne.

LES OGSÅ: - Fantastisk morsomt med Småbyliv

– Moro, men alvorleg

Også i serien Småbyliv møter vi Stoltenberg i fleire karakterar. Men sjølv om det er mange likheiter mellom seriane, hevdar Stoltenberg at han har endra på suksessoppskrifta.

Robert Stoltenberg som ordfører Henning.

Robert Stoltenberg som ordfører Henning.

Foto: NRK

– Det blir spennande og annleis i forhold til tidlegare. Eg snakkar mellom anna ikkje i kamera. Og sjølv om eg er med i alle scener, vil det bli mindre meg og meir andre, seier Stoltenberg.

Når han seier andre, meiner han kjende skodespelarar som for eksempel Lisa Stokke, Bjørn Sundkvist, Birgit V. Svendsen og Elsa Lystad.

– Vi går eit steg vidare. Det skal framleis vere morosamt, men vi skal også ha plass til meir alvor, seier serieskaparen som vi no skal bli kjend med fire nye sider av.

LES OGSÅ: Gyldne Øyeblikk med Robert Stoltenberg

Tar seg til rette

Pastor Jonas driv kyrkelyden i Elvesund. Han er ein kar som står på og har mange prosjekt, men jobber i motvind.

Driftsleder Narvestad

Robert Stoltenberg som driftsleder Narvestad i serien Borettslaget.

Foto: Ole Kaland / NRK

– Han får det ikkje til å gå rundt, men er glødande oppteken av at det skal gå bra. Han ønskjer at fleire skal kome til kyrkje, og tyr til spesielle grep for å få til det. Men pastoren driv kyrkjelyden litt som sitt eige firma. Får han ikkje inn nok kollekt, blir det kroken på døra, fortel Stoltenberg.

Også ordførar Henning blandar rollene. Han brukar kommunen som sitt eige vesle firma, der han sjølv er direktør.

– Han er en rett fram-kar, og gjer som han sjølv vil. For å komplisere ting for seg sjølv, har han eit godt auge til ei ung jente i kommunen, som han brukar tid
på å innynde seg hos, seier Stoltenberg.

NETT-TV: Yngve og Piirka på IKEA

Passar ikkje inn

Så er det frisøren Svein, som har stått og klipt hår i mange år. Han er veldig oppteken av spansk kultur, og spesielt flamenco.

– Damene elskar det når han set på ein kasset, kler seg i svart kappe og dansar for dei. Men Svein har større draumar enn å vere frisør i ein småby. Han ønskjer å flytte til den spanske byen Altea for å starte på ny.

– Men han har gjort fleire dårlege investeringar, og det går difor ikkje så bra.

Til sist er det forbipasserande Randi, som eigentleg berre var på tur gjennom småbyen, då bubilen hennar konka. Før ho kunne køyre vidare, måtte ho ha ein del til bilen - som det tar flere veker å få tak i.

– Ho får tilbud om jobb som lærarvikar, men har problem med å passe inn, fortel Stoltenberg.

NETT-TV: Copacabana: Stoltenberg som dovakt

Forviklingar

Figuren Randi skapte problem for Robert Stoltenberg under innspeling. Han fortel om ein episode frå då Randi skulle besøke Munch-museet. Stoltenberg var utkledd som dame då han måtte på toalettet.

Robert Stoltenberg som Piirka

Robert Stoltenberg som karakteren Piirka i Borettslaget.

Foto: NRK

– Det eg ikkje hadde tenkt på, var at der var mange turistar som ikkje visste kven eg var. Då fekk eg virkelig kjenne på korleis det var å gå rundt i damekle på herredo, seier han.

Stoltenberg prøvde å forklare situasjonen med at han var ein kjend tv-person i Noreg, utan at han meiner det gjorde at han slapp heilt
unna blikk frå turistane.

Meir alvorleg var det då dei skulle spele inn eit vepna ran av ein bensinstasjon på Lambertseter i Oslo. Produksjonsteamet hadde gløymt å sette opp plakatar om at det var innspeling av tv-serie. Sjølvsagt kom politiet.

– Det var pinleg. Politiet såg gjennom fingrane med det, men då det stod på, gøymde eg meg på badet, seier Stoltenberg.

LES OGSÅ: Grosvold: Robert Stoltenberg på nissekurs

– Det er berre TV

Stoltenberg har, som tidlegare nemnd, med seg fleire kjende skodespelarar på laget. I produksjonslaget er også Terje Sollid og Marit Åslein.

Åslein var også med på dei første episodane av Borettslaget, som sopte med seg nesten det som var av prisar under Gullruten i 2002. Serien var ein stor suksess, som også fekk oppfølgjarar i 2006 og 2008.

I mellomtida hadde Stoltenberg laga enda ein karakterhumorserie, Hundehjørnet. Også før Borettslaget var han kjend frå fjernsynsruta, mellom anna som Yngve Freiholt frå Åpen post og Copacabana, og som programleiar for Café.

Sjølv om Stoltenberg har fleire publikumssuksessar bak seg i NRK, seier han at han ikkje er spesielt nervøs før haustpremieren.

– Det er jo berre TV, seier han.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters