Hopp til innhold

Norsk «Håp» for Oscar

Filmen «Håp» er Noreg sin Oscar-kandidat i kategorien beste internasjonale film. – Dette er eit prosjekt som eg eigentleg ikkje ønskja å gjennomføre, men historia tvang seg på, seier regissør Maria Sødahl.

Skodespelarane Andrea Bræin Hovig og Stellan Skarsgård har hovudrollene i filmen "Håp" som er Noreg sin kandidat til Oscar.

KREFT: Hovudrolla som er spelt av Andrea Bræin Hovig, er basert på regissøren si eiga krefthistorie. Her saman med Stellan Skarsgård som spelar sambuaren hennar.

Foto: Manuel Claro / Motlys/SF Studios

Kva skjer med kjærleiken når du har tre månadar att å leve?

Filmen «Håp» er basert på regissøren Maria Sødahl sine eigne opplevingar med lungekreft, og har no blitt vald ut til å vere Noreg sin Oscar-kandidat i kategorien for beste internasjonale film.

– Eg er utruleg glad og blei svært stolt på vegner av skodespelarane Andrea Bræin Hovig og Stellan Skarsgård. På mange måtar er det deira film, og det er svært gøy.

Regissør Maria Sødahl, saman med skodespelarane Andrea Bræin Hovig og Stellan Skarsgård

«HÅP»: Her er regissøren Maria Sødahl saman med skodespelarane Andrea Bræin Hovig og Stellan Skarsgård.

Filmen handlar om ei kvinne som er midtvegs i livet når ho får vite at ho har svært kort tid att å leve. Og kva skjer so med kjærleiken?

– Eg trur det som er spesielt med den, er at det er ei veldig usentimental krefthistorie, -som eigentleg er ei litt annleis kjærleikshistorie, seier Sødahl.

Kjersti Mo er direktør i Norsk filminstitutt. Ho ein av dei som sit i Oscar-komiteen som valde ut filmen «Håp». Ho meiner at filmen gir eit svært sterkt inntrykk uavhengig av om ein sjølv har opplevd sjukdom på nært hald.

Portrett av Kjersti Mo, direktør i NFI

DIREKTØR: Kjersti Mo som er direktør i Norsk filminstitutt, sit i den norske Oscar-komiteen.

Foto: Einar Aslaksen

– Filmen handlar om livet, kjærleiken og håpet - og er ei universell historie som skapar ein enorm emosjonell respons. Den har fantastiske skodespelarprestasjonar, er vakkert fortalt og har ein sterk nærvær.

– Tematikken i filmen er evig aktuell og modig.

Difor trur ho at den kan kome langt i konkurransen om å bli nominert til Oscar for beste internasjonale film.

«Håp» er også nominert i klassa for beste regi og Hovig for beste kvinnelege skodespelar i European Film Awards, som er Europa sitt svar på Oscar.

Ein hard kamp

Det stod mellom tre filmar då juyen skulle ta avgjersla om kven som skulle vere Noreg sitt bidrag. Fiksjonsfilmane «Disco» og «Håp» og dokumentarfilmen «Selvportrett».

Onsdag la regissørane og produsentane for dei tre filmane fram planane sine for ein eventuell Oscar-kampanje, for den norske komiteen. Det var etter det at filmen «Håp» blei vald ut til å vere Noreg sitt bidrag i den gjeve prisutdelinga.

Den gjeve Oscar-statuetten

Filmar frå heile verda kjempar om den same statuetten, og det er berre fem som faktisk endar opp med å bli nominert i kategorien under sjølve Oscarutdelinga.

Om filmen går av med sigeren vil det vere svært positivt for norsk film, seier Mo.

– Det ville det vere eit kjempe-statment og sette Noreg på kartet. Både i Europa men også med tanke på den store marknaden i Nord-Amerika.

Noreg har blitt nominert til beste internasjonale film fem gongar - utan å vinne.

Det var med langfilmane Kon-Tiki (2013), Elling (2001), Søndagsengler (1996), Veiviseren (1987) og Ni Liv (1957).

Noreg har tidlegare vunne Oscar for kortfilmen «The Danish Poet» og beste dokumentarfilm med «Kon-Tiki». No står det berre att å sjå om «Håp» er den fyrste norske filmen til å vinne i kategorien for beste internasjonale film.

– Det kan ein berre førestille seg og leike med tanken. Eg trur at ingenting er umogeleg i desse tider, avsluttar Sødahl.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.