Hopp til innhold

Dette må du få med deg under Festspillene i Bergen

Ei britisk «supergran» og 200 venezuelanske «superkids» er mellom attraksjonane under Festspillene i Bergen i år. NRKs ekspertar Ragnhild Veire og Arild Erikstad guidar deg til festivalens musikalske høgdepunkt!

Caracas Ungdomssymfoniorkester

Caracas Ungdomssymfoniorkester er eit av orkestera som har sitt grunnlag i musikkskuleordninga «El Sistema».

Foto: Presse / Festspillene i Bergen

Festspillene i Bergen startar onsdag med opningsseremoni på Torgallmenningen og opningsførestellinga Oedipus Rex i Grieghallen.

I løpet av 15 dagar skal rundt 150 arrangement gjennomførast – dei fleste konsertar, men også mange dans- og teaterførestellingar.

Unikt ungdomsorkester frå Venezuela

I Venezuela har ein gjennom drygt 35 år bygd opp eit unikt opplæringssystem for musikk som vert kalla El Sistema, og i dag får fleire hundre tusen born opplæring, dei fleste frå fattige kår. Caracas Ungdomssymfoniorkester representerer kremen av dei unge musikarane.

– Denne konserten er eit must, og kjem til å verte ei unik oppleving, seier Hovedscenens programleiar Arild Erikstad.

– El Sistema-orkestera har ein heilt unik spelestil og speleglede som garantert smittar over på alle som høyrer på, meiner NRKs konsertmeldar Ragnhild Veire.

Caracas-orkesteret skal mellom anna spele Dmitri Sjostakovitsj' 10. symfoni under konserten i Grieghallen 4. juni, der også Norsk Barnesymfoniorkester tek del. El Sistemas grunnleggjar José Antonio Abreu skal halde foredrag same dagen.

Ida Haendel

Ida Haendel skal vere med på to konsertar under Festspillene i Bergen.

Foto: Wilfredo Lee / AP

Fiolinverdas superbestemor

Ida Haendels eksakte alder er ukjent, men fødselsåret vert oppgitt til 1928, og ho debuterte som konsertfiolinist på 1930-talet.

– Det vert spennande å høyre korleis Ida Haendel spelar i dag, seier Arild Erikstad.

– Det er uvanleg og svært imponerande av ein fiolinist å kunne halde fram som utøvar på dette nivået så lenge som ho har gjort.

5. juni spelar Haendel Brahms dobbelkonsert med Oleg Kogan i Håkonshallen, og 6. juni spelar ho Vivaldis konsert for fire fiolinar, i lag med dei norske fiolinistane Vilde Frang, Guro Kleven Hagen og Arve Tellefsen i Grieghallen. Dalasinfoniettan, Oslo Camerata og dirigent Bjarte Engeset er med på begge konsertane.

Truls Mørk i Oslo Konserthus

Truls Mørk gjorde comeback etter sjukdom sist vinter, og er klar for to konsertar i Bergen.

Foto: NRK

Norsk stjernemønstring

Tine Thing Helseth

Tine Thing Helseth.

Foto: Ole Kaland / NRK

Festspillene i Bergen er, mellom mykje anna, ei storstilt mønstring av dei fremste norske solistane.

Truls Mørk og Håvard Gimse skal halde to konsertar med Beethoven-sonater 26. og 27. mai, Tine Thing Helseth er solist med Svenska Kammarorkestern 28. mai, og fiolinisten Anders Kjellberg Nilsson skal kappast med fire nordiske konkurrentar om Den norske solistprisen, med finale 29. mai.

Tragedien over alle tragedier

Både Arild Erikstad og Ragnhild Veire har store forventingar til den nye oppsetjinga av Igor Stravinskys opera Oedipus Rex, som Festspillene produserer i lag med Den Nye Opera.

– Stravinskys versjon av tragedien over alle tragedier er gripande, seier Veire.

– Arketypene er lett gjenkjennelege og sterkt framstilt gjennom den mektige og arkaiske musikkstilen. Viss hovudrolleinnehavarane leverer sine krevjande solistparti, og førestellinga unngår å bli for statisk, kan dette verte eit av festivalens høgdepunkt.

Evgeny Kissin

Evgeny Kissin.

Foto: Bette Marshall

Lynrask Liszt-pianist

Khatia Buniatishvili

Khatia Buniatishvili.

Foto: Julia Wesely

Av dei utanlandske solistane som kjem til festivalen, er det den russiske pianisten Evgeny Kissin det knyter seg størst forventingar til. Han held konsert i Grieghallen 31. mai, med berre musikk av 200-årsjubilanten Franz Liszt på programmet.

– Å høyre Kissin spele Liszt bør bli ein «høydare», meiner Arild Erikstad.

– Kissin er på mange måtar vår tids mest utprega virtuos på klaveret. Det er ikkje mange pianistar som spelar fortare enn han!

39-åringen Kissin er ikkje den einaste som skal spele Liszt under Festspillene – Ragnhild Veire gler seg også til den georgiske 23-åringen Khatia Buniatishvilis konsert i Håkonshallen 2. juni.

– Buniatishvili er eit ungt stortalent som spelar heilt annleis og meir eksentrisk, seier Veire.

Festspillene i Bergens nettsider finn du ei komplett oversikt over førestellingane dei komande vekene.


Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.