Hopp til innhold

Far og son Oftebro saman på scenen for fyrste gong

– Det er sjeldan vi er ueinige, det hender at vi kan krangle litt, han er ganske hissig, seier ein lattermild Nils Ole Oftebro om sonen. I Peer Gynt på Gålå står dei to på scenen saman for fyrste gong.

Jakob og Nils Ole Oftebro

FAR OG SON: Jakob og Nils Ole Oftebro skal spele den unge og den eldre Peer Gynt i nåtid.

Foto: Patrick da Silva Sæther

Under den aller første leseprøva av manus til årets Peer Gynt-oppsetting på Gålå forklarer regissør Sigrid Strøm Reibo korleis scenen kjem til å sjå ut.

– Scenen blir ei strand fylt med turistar og parasollar. I tillegg skal det vere ein jacuzzi, der Peer Gynt sit med sine businessvener, forklarar Reibo til skodespelarane.

I årets oppsetting i Gudbrandsdalen er Peer Gynt sitt liv flytta til vår eiga tid, frå 1960-talet og fram til i dag. Far og son Oftebro, høvesvis Nils Ole og Jakob, skal spele den eldre og den yngre Peer Gynt.

Ringen er slutta

Både far og son Oftebro starta si karriere med Peer Gynt.

På gymnaset blei Nils Ole Oftebro, som eigentleg berre hadde ei statistrolle, lagt merke til, og landa i staden hovudrolla i Peer Gynt. Etter Peer Gynt-suksessen bestemte han seg for at det var skodespelar han skulle bli.

– Det var så flott å oppdage at nokon syns eg var god til noko, så det var kanskje derfor, fortel Nils Ole.

Jakob og Nils Ole Oftebro 2

RINGEN ER SLUTTA: Peer Gynt var første rolle for både far og son Oftebro, som nyutdanna.

Foto: Patrick da Silva Sæther

Jakob Oftebro, som spelte Peer Gynt på teaterhøgskulen, syns det er rørande at nettopp dette stykket blir det aller første han gjer profesjonelt saman med sin skodespelarfar.

– Nå har vi akkurat lest høgt gjennom stykket for første gong, og det er heilt fantastisk. Det er jo verdas kulaste tekst, utbrytar Jakob Oftebro entusiastisk.

– Eit sjokk

For fem seks år sidan fekk Nils Ole Oftebro beskjed om at han hadde prostatakreft. Han har valt å vere open om det fordi han ønskjer å få ned tabua rundt denne typen kreft.

– Ein får sjokk. Eg visste ikkje kva det innebar, eg høyrde berre at eg har kreft. Eg syns det var veldig tøft, fortel Nils Ole Oftebro.

Med medisinsk behandling i utlandet, som ikkje blei tilbode i Noreg, blei Nils Ole Oftebro nesten heilt frisk. Han droppa ein del av den tradisjonelle behandlinga for å unngå alvorlege og nærast uunngåelege biverknader som impotens og inkontinens.

– Det er dei åra du får som frisk som er ganske viktig, det gjeld alt i livet. Jo lenger ein kan utsette å brekke beinet eller få vondt i ryggen, jo betre liv har du sett med mine auge, seier Nils Ole Oftebro.

– Det er så mykje ein tek for gitt, og det skal ein ikkje. Når tilbodet kom om å gjere Peer Gynt saman, så tenkte eg «Herregud, vi må berre gjere det medan vi er unge og friske begge to.» Eg har jo alltid tenkt at pappa var udødeleg, seier Jakob Oftebro.

– Eg tenkte akkurat det same, heilt til eg fekk den beskjeden, seier Nils Ole Oftebro til latter frå sonen.

Jakob og Nils Ole Oftebro 3

EIN KLEMMER: Nils Ole Oftebro er ein klemmer og seier han klenger på barna så ofte han kan.

Foto: Patrick da Silva Sæther

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters