Hopp til innhold

Får kritikk for nesten berre lyshuda skodespelarar

Folk med mørk hud blir ofte utelate i filmar sjølv når filmskaparane ønsker å løfta mangfaldet, hevdar forskar. Nettopp dette får filmen «In The Heights» kritikk for no.

Usnavi (Anthony Ramos) og Vanessa (Melissa Barrera) har et godt øye til hverandre i «In the Heights».

BLANDA: Filmen «In The Heights» har blitt mottatt med jubel og kritikk. Anthony Ramos speler rolla som Usnavi, og Melissa Barrera speler Vanessa.

Foto: Macall Polay / Macall Polay

Filmen blir av mange omtalt som ein du berre sjå i sommar. «In The Heights» kom ut i juni og hausta strålande kritikkar.

Samstundes har han også fått kritikk for at veldig få av skodespelarane er svarte.

Filmen skildrar det verkelege nabolaget Washington Heights i New York City. Eit område som ofte blir kalla «Little Dominican Republic», fordi det bur mange med dominikansk bakgrunn der.

Kritikken har gått ut på det ein på engelsk kallar «colorism», som handlar om at ein blir meir diskriminert jo mørkare hud ein har.

Forskar Deise Faria Nunes ser same tendensar i norske filmar og TV-seriar.

Skinnet bedrar

Majoriteten av dei latinske innbyggarane i nabolaget «Little Dominican Republic» har afrikanske røter. Det er dermed i verkelegheita mange fleire med mørkare hudfarge enn dei aller fleste ein får sjå i filmen.

I filmen er berre ei av hovudrollene afro-latinsk, medan resten er portrettert som lyshuda latinamerikanarar.

Professor i filmvitskap ved NTNU, Julia Leyda, meiner kritikken mot filmen er velgrunna.

– Å berre ha folk med lys hud i hovudrollene gir veldig feil framstilling av nabolaget, seier Leyda.

Som ei som bur og jobbar i Noreg, men opphavleg er amerikansk, erfarer ho at dette er tema som folk i Noreg er litt nølande til å snakka om.

– Det handlar om visuelle forskjellar, og det verkar som at mange i Noreg ønsker å oversjå det, og vera fargeblinde. Men det funkar ikkje om folk som ser annleis ut faktisk blir diskriminert. Då ignorerer ein eigentleg berre den diskrimineringa.

Opplever det også i Noreg

Deise Faria Nunes er stipendiat i teater ved Universitetet i Agder. Ho meiner mange ikkje er klare over at latinamerikanarar ofte er svarte, og med afrikanske røter.

Ho er sjølv afrobrasiliansk, og meiner framstillinga av latinamerikanske er for einsidig i filmar og seriar.

– Eg tenker at det er det biletet av Jennifer Lopez. Mørkebrunt hår som er slett, som er det ein kallar for «bra hår». Det er ein hudfarge som er brun, men ikkje mørk, seier Nunes.

Deise Faria Nunes

FORTENT KRITIKK: – Filmen har som intensjon å representera den latinamerikanske minoriteten i USA, men han representerer ikkje det fulle spekteret av hudfarge, meiner Nunes.

Foto: Privat

I 2015 var 21.1 prosent av befolkninga i Latin-Amerika av afrikanske røter, ifølge FNs økonomiske kommisjon for Latin-Amerika og Karibia.

I Brasil har over halvparten av befolkninga afrikanske røter.

Også i Noreg opplever mange «colorism», meiner Nunes. Ho peikar på «castinga» i filmar og seriar.

– Ein vil casta folk som er fine, og som publikum vil vera interesserte i å sjå på. Og det er her «colorsim» blir ein del av problemet for meg.

– Ein snublar i desse skjønnheitsideala, og personar med veldig mørk hudfarge fell veldig ofte utanfor dei skjønnheitsideala, seier Nunes.

Har ikkje tilsvarande ord på norsk

Ein har ikkje eit tilsvarande uttrykk for «colorism» på norsk, ifølge språkforskar Gunnstein Akselberg. Han er professor emeritus i nordisk språk ved Universitetet i Bergen.

– Ordet kolorisme finst allereie på norsk, og har blitt brukt i språket lenge. Men det er brukt til noko heilt anna, nemleg om kunstnaren sin fargebruk i måleri. Derfor blir det vanskeleg å bruka på norsk.

Han fortel at ordet i sakas samanheng har røter tilbake til 1982. Då var den amerikanske forfattaren Alice Walker den første til å bruka det på denne måten, og definerte det som diskriminering eller fordommar på grunnlag av hudfarge.

Gunnstein Akselberg

SPRÅKFORSKAR: Gunnstein Akselberg er språkforskar og er med i Eides språksjov på NRK.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Han forklarar det som ei linje der ytterpunkta er kvit hudfarge på eine sida, og svart hudfarge på andre sida. Kvar ein er på denne linja vil vera med på å definera styrken av fordommane eller diskrimineringa ein blir møtt med.

– Fargetonediskriminering kan kanskje vera eit passande ord, seier Akselberg.

Filmskaparane legg seg flate

Filmen er basert på Lin-Manuel Miranda sin musikal ved same namn. Miranda har også vore produsent på filmen, og har i tillegg ei rolle framfor kamera.

Han er sjølv av puertorikansk opphav, og var tidleg ute med å beklaga seg på Twitter. Han skriv blant at han byrja å skriva In The Heights fordi han ikkje følte seg sett, og fortset med:

– Eg kan høyra smerta og frustrasjonen over «colorism», over å føla seg oversett, i tilbakemeldingane. Eg høyrer at utan tilstrekkeleg mørkhuda afrolatinsk representasjon, kjennest arbeidet utnyttande av det samfunnet me så sterkt ønska å representera med stoltheit og glede.

Laster Twitter-innhold

Professor Leyda meiner det er veldig bra at debatten om «colorism» no har blitt så aktuell.

– Heilt frå starten då filmen kom ut, kritiserte folk han for «colorism» samstundes som at han fekk gode meldingar. Så det er mogeleg å laga ein film som folk elskar, men også måtta innrømma at det er feil i han. Filmskaparane gjekk umiddelbart ut og tok ansvar for feila sine, seier Leyda.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters