Boka er viktig fordi forfattaren, som deler namn og, i alle fall delvis, liv med hovudpersonen i boka, gir ein overtydande innsiderapport frå ein levemåte og ein type liding det ikkje utan vidare er lett å forstå, men som det likevel kjennest ekstremt relevant og viktig å vite noko om.
For dei av oss som fekk vår første PC før Linnea vart fødd, som ikkje akkurat frekventerer sinnabloggar på nettet og som kan oppsummere våre kampar med vekta som nokså moderate trass alt, er denne boka eit funn.
- Se video:
Mat, mat, mat
Her finn vi den kroppshatande posøren:
Vidare finn vi den ekstremt matfikserte anorektikaren. Det er kanskje ein heilt vanleg ting at anorektikarar er hekta må mat, men det gjev eit visst inntrykk at roman-Linnéa kan næringsinnhaldet på varer i butikkfrysedisken utanåt, og at ho søkjer jobb på bakeri, samstundes som ho piner kroppen til nye lågmål på vekta og går milelange turar inne i stova for å brenne kaloriar.
- Les også:
Tidstypiske paradoks
Legg så til den vittige og velformulerte sjølvmordskandidaten:
Romanen «Evig søndag» følger eit år i Linnéa Myhre sitt liv.
Foto: Tiden forlagEg veit ikkje kor mykje Linnéa Myhre det er i roman-Linnéa. Blogg-Linnéa viser seg å vere klar over at ho går inn i ei rolle, og det gjer sikkert roman-Linnéa også. Det er ikkje så viktig. Det viktige her er at dette portrettet viser fram nokon tidstypiske paradoks: Den anorektiske jenta bak romanen er blitt kåra som den mest sexy av eit blad. Den sjølvhatande jenta som prøver å gjere seg usynleg, eksponerer seg sjølv til alle som vil gå inn på bloggen. Jenta som hatar vanlege folk blir elska av mange tusen fans.
Her blir romanlesaren konfrontert ikkje berre med ein person med eit vanskeleg liv, men også med den tida som skaper slike paradoksale skjebnar og som er vår tid. Linnéa er ein paradoksal helt. Eller ein problematisk helt, om ein skal snakke litterært.
Forakta for normaliteten
Mest gripande i boka er heilt klart portettet av anorektikaren som både vil bli normal og som fryktar normaliteten. Dels fordi identiteten ligg nett i det å ha kontroll over matinntaket, og dels fordi ho foraktar dei normale som likar å småprate hyggeleg og som stappar i seg fiskegrateng når dei har lyst på det.
- Se også:
Rapport
Dette er likevel ikkje ein vellykka roman. Språket er repeterande og flatt. Det som skjer av utvikling er heller ikkje sett ord på, det kjem som påstandar som ikkje heng saman med dei repeterande skildringane av korleis det er å kjenne seg elendig.
Roman-Linnéa er sinna, ho er sår, ho er lei av det heile og ho formulerer kvikt og kjapt alle desse sinnsstemningane, dreven ved tastaturet som ho er. Det stil- og refleksjonsnivået ho har lagt teksten på er sikkert nok i massevis for ein blogg, men i ein roman ligg det vel lågt. Det blir noko barnsleg masete over eit sinne som blir påstått og dokumentert, men som ikkje blir reflektert over.
Då er det betre å lese «Evig søndag» som ein rapport. Gjerne som ein lang blogg. Og som rapport frå eit år i livet til eit menneske som er litt over tjue år i 2012 er dette sterk og viktig lesing.