Edith Warthon
Ethan Frome (roman)
Samlaget 2002
Ei ny bok i denne serien er den vemodig vakre kjærleiksromanen "Ethan Frome" av den amerikanske forfattaren Edith Wharton, som var den første kvinnelege forfattaren som mottok den prestisjetunge Pulitzerprisen.
Ørsmå nyansar
"Ho lét augnelokka dale sakte ned på den måten han elska". Slik lyder det når forholdet mellom hovudpersonane i romanen, bonden Ethan Frome og tenestjenta i huset, Mattie, er på det mest erotisk lada. Kjedeleg? Ikkje det minste. For her treng ein ikkje dei svulstige orda. Stemninga i boka er fylt av usynlege gneistar som gjer både godt og vondt.
Ein hypokonder står i vegen
Sju sørgelege år har Ethan hatt saman med kona si, Zeena. Ho er ei kvinne som stort sett er oppteken av helseplagene sine. Ho er alltid mykje sjukare enn nokon kan skjøne. Men i huset deira, i det vesle samfunnet Starkfield i Massachusetts er det ho som regjerer. Og Ethan er ikkje den som går hardt til verks.
Ein aketur i måneskin
Tidleg i forteljinga høyrer vi om den populære akebakken, der det står ei litt skummel alm i vegkanten. Som lesar får du uro i kroppen overfor dette treet. Det er som om det varslar noko skremande. Men her vil eg ikkje røpe meir. Ta med deg denne vesle boka til ein sein nattetime.
Harald Overå
PS: Og blir du altfor mollstemt etter å ha lese denne utgåva i Nattbiblioteket, kan du berre gå vidare til Ragnar Hovland med sin norske versjon av Philippe Delerms "Ørsmå gleder". Den norske varianten heiter "Norske gleder" og då blir du snart glad igjen.
DS.