Boka 'Et rikt liv'.
Foto: Oktober forlag”Et rikt liv”. Kvar høyrer ein vanlegvis ei slik formulering? Jo nettopp, i gravferd. Vi er i gravkapellet, ei dotter står ved kista til far sin og seier til forsamlinga: ”Min far har levd et rikt liv. Alle dere som sitter her i dag er et bevis på det.”
For Dahlia på bakerste benk er det naturleg å vende spørsmålet mot seg sjølv: Lever eg eit rikt liv?
Dette er eitt av mange vanskelege spørsmål som blir stilt i denne romanen av Miriam Kristensen, spørsmål som også lesarar kan stille til seg sjølv, og det uavhengig av om ein deler erfaringane til gamle Isak i kista og Dahila ved utgangsdøra.
Sterkt og utdjupande
Kristensen er ein forfattar som debuterte med den uvanleg sterke romanen Dagene er gjennomsiktige og som har klart å halde høgden etter det. Årets roman er den fjerde i rekkja, og gjer ikkje skam på forfattarskapen, tvert imot, boka både utvidar og utdjupar, og stadfester at vi her har ein forfattar vi skal vente oss mykje av framover.
Tilbake til Dahlia: Ho er russisk immigrant, bur i Danmark og lever på 19. året i ein slags transit-tilstand etter at mannen gjekk frå henne og ho kjenner seg heilt aleine. Om lag like lenge, altså i 18 år, har ho skrive på ei avhandling om den russiske romanen "Mesteren og Margarita", ei avhandling ingen trur ho nokon gong vil bli ferdig med,- aller minst ho sjølv.
Skildrar skjebnefellesskap
Dahlia har lang trening i å fortrenge alt vanskeleg: Det går an å ta ein sjokolade, leggje mykje tankekraft i kva ein skal ha til middag, eller i ekstreme tilfelle, tenkje på holocaust. Ein dag skjer noko som gjer det presserande å tenkje på holocaust. Ei ung jente på sykkel blir nedkøyrt av ein bil. Bilen køyrer vidare. To veit om det, Dahlia og naboen Isak. Den eine har gjort det, den andre er vitne, og slik oppstår eitslags skjebnefellesskap mellom dei to. Skal dei teie om dette saman eller skal dei tale om det? Kva om ein av dei sladrar på den andre? Det oppstår einslags moralsk maktbalanse, som blir forrykka når Isak døyr.
Ansvaret til gjerningsmann og vitne er sjølvsagt sentralt både i holocaustlitteraturen og i ulukka med jenta på sykkelen. Det handlingslammande ved eksilet kan også koplast både til krigshistoria og til Dahlias liv i Danmark.
Slik går den store historia og dei små historiene inn i dei same spora. Og den bitre frukta av dette, einsemda, gjer historia langt meir allmenn enn tema som krig og eksil skulle tilseie. Legg så til at Kristensen med det første kapitlet i romanen dokumenterer at ho kan måle seg med dei største stilistar vi har i norsk samtidslitteratur, og det er berre å ønskje henne eit langt og rikt liv som forfattar.