«Maskorama». «Kompani Lauritzen». «Farmen kjendis». «71 grader nord – Norges tøffeste kjendis». «Camp Kulinaris». «Kjendis-VM».
Dette er nokre eksempel på kjendisprogram som til kvar tid rullar på TV-skjermen vår, og som det har vorte fleire av dei siste åra.
Ei uhøgtideleg undersøking som NRK har gjort viser at det frå 2010 til 2020 har skjedd ein kraftig auke av reality – og underhaldningsprogram der kjendisar er deltakarar.
Frå seks slike program i 2010 er det per dags dato over 30. Det er meir enn ei femdobling.
Også NRK, med heile 14 kjendisprogram det siste året, bidrar til denne eksplosjonen.
SLØSESJOKKET: Er eit eksempel på eit opplysingsprogram som har med kjendisar som deltakarar.
– Morosamt å møte skrullane ein har sett på TV
Ein av dei som har stilt opp i fleire kjendisprogram, nærmare bestemt 12 stykke dei siste fem åra, er Niklas Baarli.
– For meg er det ei unik moglegheit til å oppleve ville ting. Andre gongar er det økonomiske motiv. Og så er det jo morosamt å møte dei skrullane ein har sett på TV, seier han og ler.
Han har blant anna kokka i «Masterchef», gått frå Lindesnes til Nordkapp i «71 grader nord kjendis», konkurrert i «4-stjerners middag» og prøvd å danke ut kjendisar i NRK-programmet «Kjendis-VM».
SOFA: Niklas Baarli (t.h.) og kjærasten Benjamin Silseth er med i «Sofa» 2020.
Foto: Espen Solli / TV 2 / TV 2Til vanleg er han programleiar i God Kveld Norge på TV 2, men du kan også sjå han i «Sofa» denne våren.
Han skjøner likevel frustrasjonen til enkelte.
– Rett og slett fantasilaust
For på sosiale medium er det no heftige diskusjonar på om det er for mange kjendisprogram eller ei.
Jan Engen, ein fast TV-sjåar, er blant dei som har sett seg lei på det, og han skreiv derfor eit innlegg på Facebook der han delte frustrasjonen sin.
Innlegget har fått enorm respons med oppimot 6000 «likes» og 3000 delingar.
– Det er eit knippe folk som blir overeksponerte. Det er dei same ansikta som går igjen heile tida, det blir for mykje rett og slett, seier han.
I innlegget går han i tottane på dei norske TV-selskapa som han meiner er lite kreative i sine nyskapingar.
– Det er ikkje noko gale med Jan Thomas, han er ein flott fyr, men når han har vore på TV i fem ulike kanalar på ei veke, og NRK presterer å lansere han som gjest i «Sløsesjokket». Det er rett og slett fantasilaust, meiner han.
Han understrekar at det ikkje er kjendisane han har noko imot, men sjølve programskaparane som han meiner følgjer éin og same oppskrift, nemleg å putte kjendisar i alle programma dei lagar.
REAGERER: Jan Engen reagerer på fantasilause og lite kreativitet på norsk TV.
Foto: Roger Myren / NRKOg legg til at han saknar større mangfald.
– Det sit fleire tusen flotte menneske rundt i Noreg som kunne ha bidratt til mykje større TV-mangfald. Er du ein kjent person som er på TV fire gongar i løpet av veka så er det avgrensa kor mange gongar du klarar å vere morosam.
– Eg er litt mett på det sjølv, eg
– Eg er jo litt mett på det sjølv eg. Men ein kan ikkje krangle med tal. «Farmen kjendis» går betre enn vanleg «Farmen». Det er noko med desse kjendisane som gjer at folk synest det er gøy, seier Niklas Baarli.
Han er også einig i at det ofte er dei same personane som går igjen, men at Noreg er eit lite land.
– Det er jo dei same 15 programma dei same 100 menneske skal gjennom. Det er som ein slags kvern. Kjendis-kverna. Vi er berre pølser som blir laga, humrar han.
KJENDIS-VM: Niklas Baarli og programpartnar i God Kveld Norge, Marte Bratberg, i NRK-programmet Kjendis-VM.
Foto: Noah Spange / NRKHan trur derimot det er mange ideskaparar der ute som har mange gode idear til å skape større mangfald, men at tv-selskapa ser på kva som skaffar mest pengar og tar avgjerd ut ifrå det.
– Og det har eg også forståing for, legg han til.
– Desse programma er elska
For tala lyg ikkje. NRK har fått tak i topplistene frå NRK, TV 2, TV Norge og TV3, og det er kjendisprogramma som tronar øvst.
– Eg høyrer det kjem kritikk. Det har det alltid gjort, men eg ser også at desse programma er elska. Eg føler vi står godt i å både ta vare samfunnsoppdraget, men også tillate at kjente folk er med i programma våre, seier Kathrine Haldorsen, programredaktør i TV 2.
For å trenge gjennom lydmuren, og sikre seg at norsk produksjon blir varetatt, er det ofte enklare å bruke nokon ein har eit forhold til, ifølgje Haldorsen.
– Og så må vi sjølvsagt passe på at det ikkje er dei same menneska heile tida. Men det jobbar vi med, og eg meiner vi har kome eit stykke på veg, seier ho.
BALANSERT: Kathrine Haldorsen, programredaktør i TV2 fortel at dei varierer godt med program med og utan kjendisar.
Foto: Ola Hana / NRKOgså Arne Helsingen, mediesjef i NRK, fortel at dei tenker bevisst på mangfald og at dei skal lage TV, og ha med folk frå heile landet.
– Det er formatet og det ein vil fortelje som må vere styrande for kven ein «caster». «Kjendisar» er ikkje ein homogen gjeng. Dei representerer forskjellige delar av kultur- og samfunnslivet, har forskjellige bakgrunnar og betyr mykje for mange av oss, seier han.
– Vinn-vinn-logikk
Vilde Schanke Sundet, ved Universitetet i Oslo, har blant anna forska på strøymetenester og TV-mediet. Ho peikar på fleire grunnar til at kjendisprogram har auka kraftig dei siste åra.
– Kjendisar egner seg godt for TV, dei har ein tiltrekkingskraft, dei trekker publikum til skjermen, seier ho.
Ho fortel vidare at det å tiltrekke seg publikum er desto viktigare i ei tid der strøymetenestene gir eit hav av val for folk.
– Det er ein vinn-vinn-logikk, det trekker sjåarar og mange kjendisar tener på å vere med, dei får vist seg fram i ei ny setting og får styrkt merkevara si på andre plattformer.
Jan Engen meiner likevel at TV-selskapa bør få til meir variasjon.
– Vi har hatt program som «Tufte IL», og «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Historia er full av eksempel på program utan kjendisar som har vorte kjempesuksessar. Ein må tore å sjå utover, avsluttar han.