Som forfilm
Det gjeld å vere på rett plass til rett tid, for The Label har ordtaket vist seg å vere sant. Gjennom ein konsert på John Dee for ei tid tilbake sidan, kom bandet i kontakt med eit fersk produksjonsselskap. Dei ville gjerne bruke bandet for å lage ein musikkvideo. Videoen skulle vere ”forfilm” for Warner Bros filmen Rockstar med Mark Wallberg og Jennifer Aniston i hovudrollene.
- Forfilmen blei distribuert når Rockstar kom på video. Vi var enormt heldige med akkurat det, og har fått masse merksemd i etterkant, seier Lasse Baklien.
The Label fekk vise sin musikkvideo som forfilm i Rockstar
Melodiøs rock
I løpet av hausten skal The Label i studio for å lage ein skikkeleg demo som kan sendast rundt til plateselskapa.
- Til no har vi berre satsa på å bli godt samspelte. Ettersom det er meir eller mindre på plass vil vi prøve å rette fokus andre stadar.
The Label spelar britisk inspirert melodiøs rock med gode melodiar. Eit morosamt moment er trekkspelet som er brukt i dei fleste låtane.
The Label er
Dag Clausen, bass
Lasse Baklien, trommer
Magnus Jacobsen, gitar, vokal og låtskriver
Øyvind Svendsen, gitar, vokal og låtskriver
Stian, torader