DIALEKTKONGER: Are og Odin har fått Norsk Målungdoms dialektpris for 2005. (Foto: Vilde Batzer)
- Are og Odin nyttar trønderdialekt på radio og er stolte av det, seier Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom.
Ho sier at dei to er kompromisslause i språkbruken, og at dei dimed signaliserer at knoting er ut.
- Difor er dei gode føredøme for ungdom som vil halda på dialekten sin, seier ho.
Dialektprisen til Norsk Målungdom vert delt ut ein gong i året, og går til offentlege personar som har utmerkt seg på ein positiv måte med bruk av dialekt. Tidlegare mottakarar er hiphopgruppa Tungtvann, filmen United ved regissør Magnus Martens og artisten Ravi.
Overfor NRK.no/kultur uttrykkjer Are og Odin stor glede over å ha blitt tildelt dialektprisen.
- Veldig hyggeleg og inspirerande å få denne prisen. Dialekt er blodig alvor for oss. Vi har alltid vært bevisst på dette, og har lekt mykje med språk og dialekter gjennom heile programmet si historie. Det handler om ektheit, tilhørigheit, stoltheit og individualitet. At våre vener Ravi og Tungtvann er blant dei tidlegare prisvinnerane, gjer oss ekstra stolte og glade, seier dei.