Hans misser kona Elin i noko som syner seg å vere ei uhyre triviell ulukke, men også ei ulukke som kunne ha vore avverga. Kriss misser tvillingsøstera si på gåtefullt vis. Det handlar om døden i Boktilsynet denne gongen, men aller mest om dei som ikkje døyr og som må finne ut måtar å leve vidare på.
Sylvelin Vatle har skrive om tvillingsøstrene Alli og Kriss. Trude Marstein står bak historia om "Elin og Hans".
Boktilsynet, NRK P2,
13. mars 2002