Hopp til innhold

Har du lese ferdig denne klassikaren? Då er du ein slitar

Ein litteraturblogg har kåra dei ti vanskelegaste og mest frustrerande bøkene i verda. Bokprogrammets Siss Vik avslører kva klassikar ho aldri vert ferdig med.

Moby Dick

Kan du gjette kva amerikansk litteraturklassikar dette skal illustrere? Siss Vik avslører i artikkelen.

Foto: MICHAEL KOOREN / REUTERS

The Millions, ein respektert amerikansk bokblogg, hadde målet klart allereie i 2009: Å kåre dei treigaste bøkene i heile verda.

Bøker som du startar på, for så å leggje frå deg. Bøker du brukar fleire år på å kome gjennom. Bøker som gjer det til eit ork å lese, bøker som står på leselista, men som du aldri får kryssa av.

  • Kva er den mest frustrerande boka du har lese? Lag di eiga liste og kommenter nedst i saka!

Kjenner du deg igjen? Då er du kanskje ein av dei som har prøvd seg på «To The Lighthouse» av Virginia Woolf eller «A Tale of A Tub» av Jonathan Swift.

Er du ein verkeleg slitar - eller berre veldig smart - har du kanskje til og med lese ut bøkene.

– Som å vere okkupert av eit romvesen

James Joyce, Virginia Woolf og Gertrude Stein er blant dei som har skrive svært vanskelege bøker, ifølgje bloggarane Emily Colette Wilkinson og Garth Risk Hallberg. Lista er under utvikling og dei har offentleggjort eit utval.

Bokprogrammets Siss Vik.

Siss Vik i Bokprogrammet irriterer seg på Moby Dick.

Foto: NRK

«Å lese Virginia Woolf er både intellektuelt og fysisk vanskeleg. Ikkje nok med at det er vanskeleg å seie kven som er kven og kven som seier eller tenkjer kva, det er også skummelt å sjå inn i andre sine tankar. Det er som å vere okkupert av tankane til eit romvesen», meiner bloggarane i The Millions om Woolf-klassikaren «To The Lighthouse».

LES: Grunngjevingane frå The Millions

Programleiar i Bokprogrammet, Siss Vik, har lese boka og er overraska over at ho får plass på lista.

– Ho er ikkje så vanskeleg og vel verdt å lese. Eg hadde øvd meg litt på andre bøker av Woolf før eg gjekk i gang. Det er noko av det aller beste og vakraste eg har lese. «Finnegans Wake» av James Joyce, derimot, er nærmast uleseleg, seier ho.

Vik påpeiker at dei fleste av verka på lista er skrive innan modernismen, på ei tid då ein ville sjå kor langt ein kunne strekkje romansjangeren.

Irriterer seg på spekket og kvalen

Ho får tilsendt bøker frå aust og vest, og er oppdatert på det meste innan litteraturen. Men det finst ei bok som Siss Vik aldri blir ferdig med, den store amerikanske klassikaren «Moby Dick».

– Det stoppar opp i dette partiet der kvalen, hovudet til kvalen, spekket og harpunar blir skildra i detalj. Eg forstår ikkje vitsen med det og kjenner eg blir irritert, ler Vik.

Men trass ein lite flatterande tittel på lista, blir nettopp vanskeleggrada på bøkene sett på som positivt. Kjem ein seg gjennom mursteinane, skal ein sitte igjen med store gevinstar.

LES: Her er bøkene du bør lese i sommer

– Les heller i detalj om at Knausgård vaskar hus

Vik har sjølv slite seg gjennom mange bøker som endte opp med å bli gode leseopplevingar. For tida les ho «Blodmeridianen» av Cormac McCarthy, ei bok utan sitatteikn, der du må telle deg fram til kven som snakkar.

– Eg syns at folk kan leggje frå seg bøker som dei ikkje likar. Men om det er noko i boka som talar til deg, det vere seg setningane eller ein nerve, kan det vere verdt å slite seg vidare, seier Vik, og brukar «Min kamp»-prosjektet til Karl Ove Knausgård som døme.

– Setningane og språket er ikkje vanskeleg, men detaljnivået og lengda er enorm, ein blir utmatta av å lese. Men gevinsten er stor om ein held fram med å lese. Eg les mykje heller i stor detalj om at Knausgård vaskar ned huset med Jiff og Ajax, enn om spekket til Moby Dick.

Og boka som underteikna har gitt opp? «Hellemyrsfolket» av Amalie Skram, om fleire generasjonar med elendigheit på bergensk- i fire bind.

Bloggarane i The Millions kallar desse bøkene litterære Mount Everests:

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.