NRK Meny
Normal

Dette er dei første Youtube-millionærane

Dei tener over 150.000 kr i månaden, lever av å filme at dei speler data og blir stoppa på gata for autograf. Møt dei nye norske stjernene.

Preben og Dennis

SUKSESS: Preben Fjell og Dennis Vareide har over 100.000 følgarar av sin Youtubekanal der dei legg ut videoar av at dei spelar data.

Foto: PrebzogDennis

Er du over 30 så har du truleg aldri høyrd om dei. Dei nye norske stjernene som har vokse fram dei siste tre åra. Dei rakar inn pengar, videoane deira blir sett millionvis av gonger og dei må ha hemmeleg nummer og adresse.

Eg hadde aldri i verda trudd at dette ville bli så stort. Me er to kompisar som sit å spelar data, kosar oss og legg ut videoar av dette. No blir me stoppa i butikkane, på kjøpesenter og i gata for autograf og bilde, fortel Dennis Vareide (24).

Saman med kamerat Preben Fjell (24) så står dei bak Youtube-kanalen Prebz og Dennis som er dei største i Norge på den såkalla «let's play»- sjangeren. Dei er dei første i Norge til å tjene millionar av Youtube.

Over 100.000 abonnerer på Youtubekanalen og videoane deira er sett over 28 millionar gonger.

Sjå Prebz og Dennis i aksjon:

Bur på hemmeleg adresse

Dei som er størst i Norge og lever av dette merkar verkeleg den nye stjernestatusen:

No bur eg på hemmeleg adresse og har hemmeleg telefonnummer. Eg blei nedringt og fekk folk på døra heile tida og måtte ta grep slik at eg skulle få jobba, fortel Joachim Haraldsen (21) også kjent som Noobwork.

Haraldsen fortel at han jobbar, det vil sei spelar data og legg ut videoar, 16 timar om dagen vanleg vis. Han har over 70.000 abonnentar på sin youtube-kanal og videoane er sett over 14 millionar gonger.

Også Dennis Vareide og Preben Fjell har skjult telefonnummer og hemmeleg adresse av same grunn.

Håvar inn pengar

For få år sidan så var det ingen som trudde at videoar av speling skulle bli så stort. Prebz og Dennis fortel at dei tener vanleg vis 100.000 kroner i månaden. Dei beste månadane så tener dei over 150.000 kroner.

Dei to har starta selskapet Rakkerfilm AS som har tre heiltidstilsette og ein på deltid. 21 år gamle Joachim Haraldsen jobbar åleine med sin Noobwork-kanal og fortel at han også tener mellom 100.000 og opp mot 130.000 kroner i månaden.

Inntektene får dei frå reklameinntekter frå Youtube-visninger, sponsing, produktplassering og at dei opptrer på dataspel-messer. Dei fleste av dei som ser videoane er mellom 12 og 24 år.

Saka fortset under biletet.

PrebzogDennis

STØRST I NORGE: Dennis Vareide, Preben Fjell og Ruben Fjell lever av å spele data og legge ut videoane på Youtube. Dei driv selskapet Rakkerfilm AS.

Foto: Rakkerfilm AS

Lidenskapen som driv

Prebz og Dennis starta med dataspeling og tulling, og det er framleis det viktige:

Dette er draumejobben eg ikkje visste eksisterte. Eg er veldig glad me har fått sjansen til å leve av dette, seier Dennis Vareide. Dei blei overraska då pengane starta å trille inn:

– Det har aldri vore pengane som har motivert oss. Me trudde aldri me kom til å tene noko på dette i starten. No tenkjer me på å ha det moro og å lage god underhaldning. Me har fått mange tilbod i det siste som betyr meir pengar, men har takka nei fordi full kreativ fridom er det viktigaste.

Veksande industri

Og folk i mediebransjen har lagt merke til utviklinga. Nils Ketil Andresen har jobba i mange år i TV2 og har no satsa nytt på firmaet Nordic Screens.

Rolla til det selskapet er å hjelpe dei som vil leve av Youtube-kanalane sine til å vekse og utvikle dei. Nordic Screens får spelarane ut av guterommet og samlar dei i eit organisert miljø.

Dei ordnar med reklameavtalar og sponsing blant anna, mot at dei får ein del av reklameinntektene. Nordic Screens og Andresen er overraska over kor populær dataspelarane har blitt blant dei yngre:

– Den siste gongen eg har sett liknande tilstandar var då eg jobba i TV2 under dei første rundane av Idol, seier Nils Ketil Andresen etter å ha vore på messa Spillexpo. Blant andre Prebz og Dennis blei totalt omringa av fans i timevis som ville ha bilde og autograf.

Fleire satsar på karriere

Håvard Nordlie Mathisen (20) driv kanalen Alacho og er ein av dei som er på veg opp og fram. Han har 21.000 abonnentar og videoane hans har blitt sett 2,7 millionar gonger. Han skal ta pause frå studiet og to deltidsjobbar for å leve av «let's play» over nyttår:

Håvard Nordlie Mathisen

SATSAR: Håvard Nordlie Mathisen skal ta pause frå studiet og deltidsjobbar og skal no leve av å spele data og lage videoar på fulltid.

Foto: Sondre Formo Lindheim

Dette er litt nerdanes hemn. Her kan me vise foreldregenerasjonen at det går an å leve av dataspeling. Me kan no vise at å spele faktisk kan løne seg i lengda, om ein gjer noko ut av det. Folk som er flinke til å spele data, morosame og kreative gjer det bra, Nordlie Mathisen.

Sjå Alacho spele: Minecraft

Større ein Justin og Rhianna

Den aller største i verda i den såkalla «let's play»-sjangeren er svenske Felix Kjellberg, også kjent som Pewdiepie. Ifølge teknologimagasinet Wired så tente han svimlande 25 millionar kroner på videoane sine i fjor.

Filmane hans er sett over 6,7 milliardar gonger og 32 millionar abonerar på videoane hans. Han har fleire følgarar på Youtube enn Rhianna, Justin Bieber og Det kvite hus til saman.

Han har vore med å sette standaren for ei heilt ny utvikling der folk har blitt superkjendis og har tent enorme summar av å legge ut videoar på Youtube.

SINGAPORE-ENTERTAINMENT-STAR-AWARDS

SUPERSTJERNE: Pewdiepie også kjent som svenske Felix Kjellberg er god for over 25 millionar kroner og videoane hans har blitt sett over 6 milliardar gonger.

Foto: ROSLAN RAHMAN / Afp