Dansarane Inoka Skjønhaug, Hendrik Leschke og Sara Viktoria Korsgården kombinerer erfaring frå mellom anna stunting, kampsport og turn. Instruktør for videoen er balansekunstnaren Eskil Rønningsbakken.
Videoen byggjer på byfenomenet parkour, ein aktivitet eller sport som i utgangspunktet handlar om å kome seg frå A til Å på mest mogleg effektivt vis. Som i den nærliggande forma freerunning tek dansarane i videoen seg like fullt tid til å gjere estetiske krumspring på vegen.
Europeisk dansefinale i kveld
Parkour-videoen er eitt av pauseinnslaga i Eurovision Young Dancers-finalen fredag 24. juni. NRK er vertskap for arrangementet, som finn stad i Dansens Hus i Oslo og vert overført direkte på NRK1.
Det norske håpet i finalen er 19-åringen Daniel Modou Sarr frå Oslo. Dansarane skal først opptre med ein sjølvvald dans, før dei deltek i ein felleskoreografi. Til slutt møtest dei to beste finalistane til duell eller «battle», der dommarane avgjer kven som går av med sigeren.
Les: