Han var entusiastisk og lova mykje, Trond Giske, som ny kulturminister i fjor. Med Kulturløftet skulle han og resten av dei raud-grøne løfte kulturen fram.
Det er altså i dag Giske og dei andre skal vise om han held desse lovnadene. Lekkasjane frå statsbudsjettet har hagla, og vi veit allereie ein del om kor pengane går.
Eldresatsing
I dag har vi fått vite at Dansens Hus får nesten 19 millionar kroner. - Akkurat det vi måtte ha
I går fortalte kulturnytt på TV at regjeringa gir 10 millionar til eldresatsinga "Den Kulturelle Spaserstokken".
Spent
I tillegg fortel lekkasjane om auka kultursatsing i utlandet, støtteordning til rockeklubbar, utvida kulturkort-ordning for ungdom og meir pengar til operabygg i Sogn og Fjordane og knutepunktfestival for blues, medan Kulturrådet mister oppgåver.
Det store spørsmålet i dag er kven som blir glade og kven som blir skuffa. Debattredaktør i Aftenposten, Knut Olav Åmås er spent.