Hopp til innhold

Gir seg etter tolv sesongar: – Det har vore eit reint eventyr

– Det er eit strevsamt program å lage, men det har vore ei stor oppleving, seier Dag Erik Pedersen. Etter tolv sesongar skal han forlate «Mesternes mester».

Dag Erik Pedersen

123 toppidrettsutøvarar har vore innom «Mesternes mester». – Det er enormt kva eg har fått gleda til av vere med på.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Då vi drog til Spania hausten 2008 for å lage den første sesongen, så var det ingen som hadde trua på det vi dreiv med. Dei lurte på kva i helvete vi skulle liksom, seier Dag Erik Pedersen.

12–13 år seinare.

«Mesternes mester» har vorte tidenes største TV-suksess. I snitt har årets sesong blitt sett av 1,5 millionar sjåarar, og er den mest sette programserien til NRK.

– Den reisa som eg har vore med på, den har vore heilt ufatteleg. Eg er ufatteleg takksam og audmjuk for det eg har fått lov til å oppleve. Det har berre vore eit reint eventyr.

– Og det er naturleg no å gi seg etter tolv sesongar.

Deltakerne i Mesternes Mester 2009

Deltakarane i Mesternes Mester 2009.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK
Dag Erik Pedersen

«Mesternes mester» blir å sjå på TV-skjermen igjen, men det er førebels ukjent kven som tek over stafettpinnen.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

Men programleiaren fortel at alle i produksjonen heldigvis held fram.

– Det er ein enorm kompetanse i den gruppa der.

Dag Erik Pedersen skryter av alle menneska han har fått lov til å jobbe med i alle dei åra.

«Mesternes mester» blir å sjå på TV-skjermen igjen, men det er førebels ukjent kven som tek over stafettpinnen.

Strevsam produksjon

– Møter, casting, evaluering. Nye menneske og nye portrett. Opptak, etterarbeid og i tillegg skal du ha pressa på hjul heile året.

Han fortel om korleis «Mesternes mester» har vore eit heilårsprosjekt.

– Det er eit strevsamt program å lage, men det har vore ei stor oppleving.

Han innrømmer at det har teke mykje tid.

Viss du tenkjer med deg sjølvtolv år er veldig lenge av eit liv.

Vidare snakkar han om korleis han ved sida av «Mesternes mester» òg har gjennomgått mykje på privaten.

Mesternes mester, sesong 2019. Programleder Dag Erik Pedersen.

Dag Erik Pedersen, Mesternes meister 2019.

Foto: Sunniva Luca Veliz Pedersen / Rubicon TV/NRK

Ville lage ein sesong utan sorg

– Då vi runda ti sesongar, så tenkte eg «Fy fader, har eg klart ti».

Og fortel at dei prøvde å få til ein finale der alle dei ti finalistane skulle møtast, men det vart ikkje noko av.

Så kom sesong elleve, som vart ein tøff sesong å lage.

– Eg har vore gjennom tøffe ting sjølv, og derfor har Mesternes-toget vore positivt. Det har vore noko som har halde meg oppe. Eg har alltid gjort det med glimt i auget og med overskot. Bortsett frå sesong ti og elleve som var tøffe for meg og familien min.

Få veker før kameraa skulle skruast på i 2019, vart livet snudd på hovudet.

– Eg skjønner framleis ikkje korleis vi klarte å lage sesong elleve i Kroatia berre nokre veker etter at sonen min hadde teke livet sitt. Det der skjønner eg framleis ikkje, seier han.

– Eg skjønner framleis ikkje korleis vi klarte å lage sesong elleve i Kroatia berre nokre veker etter at sonen min hadde teke livet sitt. Det der skjønner eg framleis ikkje, seier han.

Dag Erik i solnedgang

– Eg gjorde Arendal og Noreg fordi eg måtte gjere ein sesong utan sorg, og ein sesong der eg hadde blitt eitt år eldre og hadde komme meg ein del i forhold til det som skjedde.

– Følar det har betydd noko for det mentale Noreg

– Den største gåva «Mesternes mester» har gitt meg, har at vi er vorte tidenes familieprogram – og at barn heilt ned mot fem–seks år har sett på oss.

– Eg har ei kjensle av at vi har betydd litt for det mentale Noreg i ei vanskeleg tid, særleg siste året. Men også litt i forhold til oppseding og folkeskikk, og ikkje missa det å ha gode verdiar.

Det trur han er grunnen til at foreldre synest det er så flott å sjå dette med barna sine, noko han set veldig pris på.

– Ein ser fine verdiar som idretten har.

Han seier han føler «Mesternes mester» har bidrege til samtalar i norske heimar, og kjem med eit døme.

«Såg du kva Johann gjorde? Han gav ein klem – fordi han gav ein klem når ein trong det som mest. Det er lag det».

Mesternes mester sesong 12 - finale

Dag Erik Pedersen. – Eg gjorde Arendal og Noreg fordi eg måtte gjere ein sesong utan sorg. Her er han med Håvard Tvedten, Magnus Midtbø og Aksel Lund Svindal.

Foto: Sunniva Luca Veliz Pedersen / Rubicon TV/NRK

– Takk for innsatsen, Dag Erik!

Kringkastingssjef i NRK Thor Gjermund Eriksen takkar Dag Erik Pedersen for innsatsen.

– I ei tid der det er sjeldan at «alle» ser det same programmet samtidig, har Dag Erik, deltakarane og gjengen bak «Mesternes mester» skapt ritual, engasjement og knallgod underhaldning for alle.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen

– Ei av dei viktigaste oppgåvene til NRK er å samle familien og gje opplevingar på tvers av generasjonar og interesser.

Foto: Anders Leines / NRK

Ei av dei viktigaste oppgåvene til NRK er å samle familien og gje opplevingar på tvers av generasjonar og interesser.

– Det har Dag Erik og «Mesternes mester» gjort i 12 år. Takk for innsatsen, Dag Erik!

– Ein etappesiger i Italia Rundt er ingenting mot å halde på publikum og bli elska i 12 samanhengande år. Ikkje ein gong TRE etappesigrar, som du har, kan måle seg med det.

No vil han fortelje folk kvar magien ligg

Dag Erik Pedersen fortel om korleis han òg likar å skrive. Han har tidlegare skrive boka «Idrettskongen». Ei bok om sportsutøvaren kong Harald med augneblinksbilete frå han som tilskodar og som vernaren til idretten.

– Eg har lyst til å sjå om det finst nokre fellesnemnarar med vinnarane, og alle som har vore med. Kvifor beundrar vi desse menneska så mykje?

Dag Erik Pedersen fortel om korleis ein kan trene seg på å faktisk lære seg til å bli betre og tenkje positivt. I boka ønskjer han å gi folk nokre verktøy og sette fokus på korleis ein kan takle motgang betre.

– Kanskje eg skuldar folk å fortelje kvar magien ligg? Det handlar om det å kunne bli meister i eige liv.

Dag Erik Pedersen, mesternes mester 2011

Dag Erik Pedersen, Mesternes meister 2011

Foto: Inger-Marit Knap Sæby/NRK.no

Kulturstrøm

  • Tupac-mistenkt siktet for drap

    Politiet i Las Vegas har arrestert en mann mistenkt i drapssaken etter at Tupac ble skutt og drept i 1996, melder nyhetsbyrået Associated Press. Han er siktet for drapet.

    Mannen har selv innrømmet i intervjuer og i en egen selvbiografi fra 2019 at han var i bilen da skuddvekslingen skjedde, skriver NTB.

    Tupac var bare 25 år da han døde.

    Tupac Shakur var også kjent som 2Pac og etter hvert Makaveli – og solgte over 80 millioner album på den tida da folk kjøpte fysiske plater.

    Han var involvert i flere skyteepisoder og var en del av konflikten mellom rapperne på øst- og vestkysten av USA.

    Tupac
    Foto: AP / NTB