Hopp til innhold

Britney Spears kjem til Noreg

I august står ein av den mestseljande tenåringsartistane gjennom tidene, Britney Spears, på scena i Telenor Arena på Fornebu.

APTOPIX Taiwan Singer Britney Britney Spears

I august står Britney Spears på scena i Telenor Arena. Sist ho spelte konsert i Noreg var 2004. Her står ho på scena i Taiwan i fjor.

Foto: Chiang Ying-ying / AP

20 år etter at ho slo igjennom med hiten « ... Baby One More Time», legg Britney Spears ut på turne. Ifølge VG er det Las Vegas-showet «Britney: Piece of me» som ho tek med seg på turen.

På heimesida til Spears, står det at ho startar turneen i USA i juli, før Europa står for tur i august. Etter konsertar i Storbritannia, Tyskland og Danmark, stoppar ho i Noreg og Telenor Arena 10. august.

Barnestjerne

Britney Spears starta karrieren i 1992 i TV-programmet «The Mickey Mouse Club» saman med Christina Aguilera, Justin Timberlake, Ryan Gosling og Keri Russell. Seks år seinare gjekk ho frå å vere barnestjerne til å bli tenåringsidol då ho slo igjennom med storhiten « ... One More Time».

Låten blei opphavleg skrive for boybandet Backstreet Boys og r'n'b-gruppa TLC. Men dei takka nei til å spele inn songen. Dermed gjekk produsent og låtskrivar Max Martin vidare til Britney Spear. Debutplata hennar som kom i 1999 blei det bestseljande albumet av ein tenåringsartist.

Skandale-artist

På 2000-talet dukka Britney Spears etter kvart vel så ofte opp i media på grunn av privatlivet sitt, som for musikken. I 2004 gifta ho seg med barndomsvennen Jason Alexander (som ikkje må forvekslast med han som spelar George i Seinfeld) i Las Vegas. Paret skilde seg etter 55 timar.

Ho gifta seg seinare med dansaren Kevin Federline. Dei fekk to barn saman. Men då paret skilde seg, mista Spears også omsorgsretten til barna på grunn av dei mange skandalane som har vore rundt henne.

Men Britney Spears har gjort fleire musikalske comeback, og altså i ein periode hatt eige show i Las Vegas. Sist ho spelte konsert i Noreg var då ho fylte Oslo Spektrum i 2004. Billettane til konserten i Telenor Arena blir lagt ut på fredag.

Kulturstrøm

  • Røynesdal ny direktør i Nasjonalmuseet

    Ingrid Røynesdal blir ny direktør i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

    Røynesdal kommer fra jobben som administrerende direktør for Oslo-filharmonien, der hun har vært leder siden 2013.

  • Roger Waters etterforskes av tysk politi

    Artisten Roger Waters, som var med på å grunnlegge Pink Floyd, blir etterforsket av tysk politi etter at han brukte en nazilignende uniform på scenen i Berlin.

    Bilder i sosiale medier viser Waters iført en lang, svart frakk med røde armbånd på scenen under en konsert på Mercedes-Benz Arena forrige uke.

    – Vi etterforsker på grunn av mistanke om oppfordring til hatytringer fordi klærne som ble brukt på scenen kan brukes til å forherlige eller rettferdiggjøre nazistyret, og dermed kan forstyrre den offentlige orden, sier politiets talsperson Martin Halweg til AFP. (NTB)