A.I.S. Lygre
Brått evig
Aschehoug 1999
Tida står sentralt i dette stykket, og det på fleire måtar: Ikkje berre går tida i rasande fart gjennom fleire hundreår. I tillegg er nyårsaftan ein sentral dag, og - ikkje minst - personane vi møter har ein stor angst for aldring og død.
Denne angsten deler dei med resten av samfunnet, og eitt av dei store prosjekta er å stoppe aldringsprosessen og eliminere døden- det vil naturlegvis også seie å eliminere komande generasjonar, slik at det vert plass til eventuelle eviglevande.
"Brått evig" må såleis kunne kallast ein dystopi, der ein egoistisk, forfengeleg og innsnevra generasjon klorar seg fast og nektar livet å gå sin gang.
I sentrum står ein familie med mor, døtrer og barnebarn, i tillegg til pappa ein, pappa to og så vidare, for mor byter gjerne ut pappaene etter ei stund.
Når det i tillegg står i rollelista at fleire roller gjerne kan spelast av same skodespelar, skjønar vi at det ikkje er noko djuppsykologisk drama av
realistisk type vi har med å gjere.
Som i Lygres debutstykke "Mamma og meg og menn" frå i fjor, trør gjerne rollene ut av spelet og snakkar direkte til salen. Stykket er dessutan prega av ein hektisk puls med raske sceneskift, gjerne med hopp på mange år, utan at nokon er blitt klokare i mellomtida.
Og raskt bør dette gå. For det er nok i rytmen og tempoet dette stykket har sin styrke. Personane er grunne som sølepyttar, og trass i at dei også er like grumsete som søle om hausten, engasjerer dei sånn passe.
Dei latterlege, og i det ligg det sjølvsagt ein viss komikk. Vi kan alle le med og av middelaldrande kvinner som aldri er meir enn ei armlengd borte frå det siste nye på hudkremfronten, men det alvorlege temaet om aldrings- og dødsangst som ligg i botnen, blir aldri djupare enn den enkelte replikken.
Her er ingen undertekst å spele på, så det luraste Nationaltheatret kan gjere med dette stykket om tid, er å la det gå fort, fort og radig for seg.
Marta Norheim
Sendt i Kulturnytt, NRK P2, 9. desember 1999.