Hayseed består av Morten, Terje, Endre og Remi.
Hayseed er amerikansk og slang for bondetamp. I følgje gitarist Terje Kjørlaug er det slik bandet vil framstå.
- Ja vi er ein gjeng med bønder. Alle fire har vakse opp på bygda og er svært så prega av det.
Terje er ikkje altfor overbevisande. Namnet er fyrst og fremst morosamt. Det seier kanskje meir om musikken.
- Vi lagar god gammaldags rock frå både 70 og 80 talet. Ikkje av det hardaste slaget. Eg er opptatt av at det skal vere bitar av pop i det heile.
Populært liveband
I tillegg til gitarist Terje Kjørlaug som skriv det meste av songane, består Hayseed av vokalist Morten Fredheim, Endre Halvre på bass og Remi Fagereng på trommer. Terje er svært nøgd over samansetninga.
- Vi er både ung og gammal. Her er aldersforskjellen over 10 år. Den yngste er 19 medan den eldste har passert 30.
- Kva utfordringar byr det på?
Vinnersangen er hentet fra EPen "Mr. Clean".
- Nokon vil vel kanskje seie at det er vanskeleg, men eg trur at samansetninga berre blir betre av det. Fersk og gammalt passar alltid godt i lag.
Dei fire bøndene fungerar så bra i lag at dei har ein del oppdrag i tida som kjem. Besøkande på musikkscener I Oslo har kanskje oppdaga gruppa.
- Vi skal også ein tur til Vestlandet og mitt heimdistrikt seinare i vår. Det vert ekstra morsamt.
Ei ekte rockeplate
Dei fire musikarane er til vanleg travelt opptatt med musikk. Dei fleste spelar og i andre band eller tek musikkutdanning. Målet er å få laga si eiga plate
- Eg har sendt ut ein demo til dei fem største plateselskapa. Sidan vi berre har halde på i litt over eit år, så vil vi bruke mykje meir tid framover på å bli betre. Vi har funne eit passande øvingslokale. Der håper vi å få øve inn endå fleire gode rockelåtar, avsluttar Terje.