Hopp til innhold

Brevet som forsvann

Tittelen kan lesast som ein påstand. For når fekk du eit privat brev i konvolutt sist? I «Det kom et brev» legg nokon historia bakover i tid, andre hoppar lett over temaet. Brevet er borte. Men novellene lever, både med og utan brev.

Brev

Ni nolevande forfattarar er med i antologien. Novellene deira omkransar Gunnar Lundes postthriller frå 1969, eit årstal der eit brev og ein postmann kunne bli del av ei historie utan verken tidsreiser eller andre krumspring.

Foto: Gideon Tsang / Flickr / Creative Commons

Mange fenomen får si historie først etter at dei har blitt nett det: historie. Når noko dukkar opp i bakspegelen, ser ein tydelegare kva tida har fare forbi, og dermed er tida inne for å grunne over kva det var som gjekk tapt. I dette tilfellet altså brevet: Den handskrivne meldinga på papir til ein ven, postkortet frå eit eller anna feriemål, eller den fryktelege konvolutten frå eit forlag med eit refusert manus i.

Det var den siste situasjonen som sette redaktøren for denne antologien på ideen. Den hardt prøvde forfattarspiren i Gunnar Lundes novelle «Postbudet» inspirerte til ei utforsking av fenomenet brev i posten, levert av postmannen i di personlege postkasse. Ni nolevande forfattarar er med, novellene deira omkransar Gunnar Lundes postthriller frå 1969, eit årstal der eit brev og ein postmann kunne bli del av ei historie utan verken tidsreiser eller andre krumspring.

Tjuvlesaren

Ein tematisk antologi, der temaet er i ferd med å bli irrelevant anna enn som noko tapt. Er det ein god ide? Har det inspirert forfattarane, eller blei det ei tvangstrøye?

Levi Henriksen

Levi Henriksen er ein av forfattarane i antologien «Det kom et brev».

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Fleire har late seg inspirere av slike som spionerer på andres tekstar, vi snakkar om tjuvlesarar. Levi Henriksen, som suverent let tid vere tid og får kjærleiksbrev til å fly fram og tilbake over Atlanteren, gjer postmannen til tjuven: Den forvitne og forelska Henry Bukåsen har sine metodar og held full oversikt over korrespondansen og vel så det. Hjå Annette Mattsson er det ei mor som kontrollerer sonens sms-korrespondanse med ei ung kvinne som slett ikkje er god nok for gullguten. Papirbrevet er her eit litterært unødvendig haleheng mot slutten av ei elles velskriven og riktig ubehageleg novelle.

Fornying av postnovella?

Vidar Kvalshaug

– Vidar Kvalshaug køyrer etter prinsippet 'more is more' og dermed dukkar ei historie frå fortida opp, noko som verken styrkar postrelevansen eller novella, skriv bokmeldar Marta Norheim.

Foto: Privat

Mattsson er i godt selskap; i grovt rekna halvparten av novellene er post og brev nokså nøytralt klistra på i periferien av historiene, om det då ikkje er heilt fråverande. Heivoll let til overmål hovudpersonane emigrere til Amerika, men nei, ikkje eit amerikabrev i sikte. Berre tilbakebetaling av lånet for billetten går gjennom postvesenet her, det tek ei halv setning og er meir ei for ei saksopplysning å rekne.

Annleis hjå Vidar Kvalshaug. Han let oss møte ein senil postsorterar i det heilt greie året 1973. Det meste er utydeleg i minnet til den gamle, men ikkje norske postnummer: Sei 4521 og vår skrøpelege heltinne svarer «Lindesnes» utan å nøle. Denne slitaren er nok til ei heil og grunnleggjande postrelevant novelle, men Kvalshaug køyrer etter prinsippet «more is more» og dermed dukkar ei historie frå fortida opp, noko som verken styrkar postrelevansen eller novella.

Postgang og lidenskap

Det kom et brev

Den berande novella i samlinga er heit klart Gunnar Lundes «Postbudet» frå 1969. Der er begjæret etter ein konvolutt med grøn skrift så sterkt i hovudpersonen at det går på livet laus, skriv bokmeldar Marta Norheim.

Den berande novella i samlinga er heit klart Gunnar Lundes «Postbudet» frå 1969. Der er begjæret etter ein konvolutt med grøn skrift så sterkt i hovudpersonen at det går på livet laus. Ei god norsk novelle om postgang og lidenskap.

Kva så med boka «Det kom et brev»?

Som allereie antyda, berre eit mindretal flettar posttematikken inn på ein relevant måte. Det verkar ikkje som godhug for tematikken har vore avgjerande for utvalet av novellistar. Dette er eit minus, sjølv om ein velvillig lesar kan meine det illustrerer det i og for seg innlysande: Lagnaden kjem ikkje lenger pr. brev, med mindre det er kreftregisteret eller skatteetaten som melder seg.

Antologiar er ein bra ting

Men dermed er ikkje alt sagt: Fleire noveller er riktig velskrivne og ville kanskje aldri blitt til utan eit puff frå Liv forlag. Det går altså an å sjå bort frå heile tematikken og lese antologien som eit utval av nye, norske noveller.

Antologiar med kortare tekstar er i det heile ein strålande ide. Om valet av forfattarar er godt, vil slike antologiar gje ei kjensle av oversikt over kva som skjer i tekstfloraen. Dette blir ein ekstrabonus i tillegg til leseopplevingane. Det med tematikk er eg derimot usikker på, i alle fall om den skal vere på bestilt på førehand.

Kulturstrøm

  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters
  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.