Hopp til innhold
Anmeldelse

Den store afghanistanromanen er her

Erna: Kjøp klassesett til forsvarsdepartementet, start lesesirkel i regjeringa, send eit eksemplar til Jens i same slengen. Carsten Jensens roman frå Afghanistan gir eit meir realistisk bilde av krigen enn sakprosaen frå regjeringshald.

Carsten Jensen

Carsten Jensen bevegar seg smidig i «Den første sten», mellom å skildre det spesifikke ved denne krigen, meir generelle sider ved krigføring og det menneskelege aspektet hjå representantar for dei ulike aktørane.

«Den første sten» ligg fjernt frå dekorativ politisk retorikk og iherdige forsøk på å finne positive resultat av krigføringa i Afghanistan. Vi startar på bakkenivå i Helmandprovinsen, der vi følgjer ei gruppe danske soldatar som har hyra seg frivillig. Mot slutten ligg fleire av desse under bakkenivå, gravlagt av sine eigne og velsigna av dei stadig meir tvilande feltpresten.

Kva gjekk gale? Kvar var det det spora av? Og: Kva var poenget med det heile?

Eit komplekst bilde

Romanen utforskar desse spørsmåla på mange nivå, og her blir det tydeleg kva skjønnlitteratur kan bidra med i komplekse samanhengar som dette: Her får vi del i motiv og drivkrefter hjå den einskilde soldat, her blir vi kjent med han som styrer dronene frå ein base i USA, her blir vi utfordra til å forstå logikken til den lokale krigsherren. Vi får historiske sveip og går tett på folk av ulike kategoriar når dei må bestemme om dei skal drepe eller bli drept.

Vi får privilegert innsikt i generasjonsskilnadene innan taliban og i kva som skjer med kvinner og barn som opplever droneåtak frå vener og hjelp frå fiendane i taliban. Boka snor seg inn i dei fjernaste og mørkaste krokar både av menneskesinnet og av krigsmaskineriet.

«Alt dette kunne vært unngått»

For at skjønnlitteraturen skal kunne gi eit så mangefasettert bilde som det her skisserte, må forfattaren ikkje berre ha førestillingsevne, men også kunnskap og erfaring. Det har Jensen: Det merkest at han har vore i Afghanistan.

Forfattaren har dessutan i mange år vore ei kritisk stemme i den danske debatten om krigen, og skreiv for eit par år sidan boka med den isnande tittelen «Alt dette kunne vært unngått» saman med den norske journalisten Anders Sømme Hammer.

Den første sten av Carsten Jensen

Bitar av jern i levande kjøt

Tilbake til «Den første sten». Kjekke danske menn og ei kvinne har altså – av ulike grunnar – valt å ta del i krigen i Afghanistan. Gradvis blir dei vikla inn i eit spel som er for komplisert til at dei meistrar det. Dei beste intensjonar fører sjeldan til eit ønska resultat. Kombinasjonen av store ressursar, utydelege mål og låg kunnskap om landet fører befal og soldatar ned i ei skikkeleg hengemyr der dei etterkvart opplever at det er spelet som spelar dei.

Men Jensen skildrar ikkje berre ein spesifikk krig. Han opnar romanen med eit sitat av Malraux: «Det var i ferd med å gå opp for Manuel at krig vil si å få små biter av jern til å trenge inn i levende kjøtt.»

Når danskane oppdagar at små bitar av jern kan kome til å trenge inn i deira eige kjøt, skjer det noko med krigsmoralen dei blei kursa i heime i Danmark: Under hardt press er dei i stand til å utføre uhyrlege gjerningar i det dei ei tid tenkte på som «det godes teneste».

Jensen bevegar seg smidig mellom å skildre det spesifikke ved denne krigen, meir generelle sider ved krigføring og det menneskelege aspektet hjå representantar for dei ulike aktørane.

Psykologi og strategi

«Den første sten» er ein handlingsmetta roman. Men om lag midtvegs hender det noko med sjølve sjangeren: Romanen går frå å vere ein nokså realistisk kollektivroman til ein thriller med sterkt preg av dataspel. Våre danske vener har spora av og er ute på eit privat hemntokt som spissar seg i ein strategisk kamp mellom to danskar som ønskjer å vinne – over kvarandre.

Thrillerdelen er velskriven, spennande og og gir fleire fasettar til det store bildet. Men etterkvart får dei to antagonistane rikeleg plass til å kome sine analysar av denne krigen generelt og av krig meir alment. Det blir i meste laget, og Jensen har jo allereie vist oss poenga gjennom alt som har skjedd. Romanar kan mange ting, men belæring er ein av dei tinga romanen ikkje er spesielt godt eigna til.

Mot slutten får også dei personlege motiva til fleire av dei sentrale aktørane ein overraskande stor plass. Eit sårt forhold mellom ein far og ein son blir kompasset for ein for viktig aktør, og svingingar i kjærleikslivet til den eine, kvinnelege soldaten blir avgjerande i fleire situasjonar. At psykologien til enkeltpersonar verkar direkte inn på handlingar spissar spenninga og understrekar den menneskelege faktoren, men at desse lett sjablongaktige psykologiske portretta skal kunne forklare sentrale deler av handlinga er unødvendig og banaliserande.

Debattinnlegg og thriller

«Den første sten» er altså ingen fullkomen roman; få av dei aller viktigaste romanane er det. Og dette er ein av dei aller viktigaste romanane: Her er stor kunnskap om regionen og om krigen kopla med ein sterk kritikk av ISAF og Natos strategiar og det danske forsvarets plass i dette.

Jensen meir enn antydar at krigen har styrka dei kreftene Bush var ute etter å eliminere etter åtaka på tvillingtårna tilbake i 2001. Dette er såleis også eit særs langt og velgrunna debattinnlegg om ein krig som også 7000 norske soldatar vart sende til. Boka kunne like gjerne vore ei historie om norsk forsvar og ein norsk tropp. Les!

Naqibullah var en helt for norske politikere. Han var trener for fotballaget Faryab United. Han tok med seg de unge fotballspillerne til Norway Cup og ble hyllet av den norske forsvarsministeren. I dag kan han knapt gå ut og mottar stadig drapstrusler. I dokumentaren Talibanistan møter vi fotballtreneren og andre ofre for Talibans nye offensiv, og vi får oppsiktsvekkende nære møter med soldater og kommandanter i Taliban. Regi : Anders Sømme Hammer

Fersk dokumentar fra Brennpunkt. Intervjuene med Taliban i «Talibanistan» er nettopp gjort i Helmand-provinsen som Carsten Jensen skriver om.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.