På spørsmål om kvifor det lokale livet i Ål har vorte kjent att i heile landet svarer Bjella at viss ikkje tekstane er plasserte nokon stad, blir dei uangripelege for han.
– Det har vore forløysande for meg å skrive når eg klarer å plassere ting. Då kan du bruke det med litt sjølvtillit då, seier han.
Når programleiar Pia Rivelsrud ber Bjella si namna på dei ho peikar på i publikum, så kjenner han alle.
– Han i oransje jakke?, spør Pia. Og Bjella svarer:
– Det er Jens Petter. Og han framme, det er Roald. Så er det han Helge. Og han ytst på kanten, det er far din (Pias far)
– Så dette er altså ein haug med sjenerte tallause menn med altfor lave ambisjonar, viss eg skal bruke din beskriving, seier Pia.
– Det stemmer, seier Bjella.