Hopp til innhold

Sult-prisen til Øyehaug

- Det følest heilt fantastisk, sa forfattar Gunnhild Øyehaug etter at ho i dag vart tildelt Sult-prisen 2009.

Forfatter Gunnhild Øyehaug

Forfattar Gunnhild Øyehaug får Sultprisen 2009.

Foto: Ragnhild Krogvig Karlsen / NRK

Prisen, som ho ser på som ein av dei store og som heng høgt, gjev ny sjølvtillit til forfattaren.

- Når eg ser på tidlegare prisvinnarar er eg veldig imponert over meg sjølv, fortel ein glad prisvinnar.

Ho gjev seg sjølv ein klapp på skuldra og seier at dette har mykje å sei for sjølvkjensla.

- At nokon set pris på arbeidet, gjer at eg kan senke skuldrene.

Ventar mykje av ho i framtida

Juryleiar Kjersti Bale sa i talen til Øyehaug i dag at ho er ein av dei mest sprelske, underhaldande og dyktige forfattarane vi har.

- Vi ventar oss mykje av ho framover, og håpar at Sult-prisen vil vere med å legge grunnlag for vidare utvikling i eit allereie framifrå forfattarskap, seier juryleiaren.

Sult-prisen som delast ut kvart år, går til eit yngre og eminent forfattarskap. Saman med heider og ære får forfattaren tildelt 100.000 kroner. Også det økonomiske har mykje å sei for forfattaren.

- Med ein slik pris får ein mulegheit til å kjøpe deg tid til å skrive og utarbeide manus, seier Øyehaug som også har motteke statens kunstnarstipend for to år fram i tid.

Fleire prisar

Øyehaug har vore redaktør for tidsskriftet Kraftsentrum saman med Olaug Nilssen. Ho har tidlegare blitt heidra med fleire andre litteraturprisar. Ho mottok Bjørnson-stipendet (2006), Tanums kvinnestipend (2007), Nynorsk litteraturpris (2008) og Doblougprisen (2009).

Ho debuterte med diktsamlinga Slaven av blåbæret i 1998. Som romanforfattar debuterte Øyehaug i 2008, med boka Vente, blinke.

Tidlegare har blant anna Carl Frode Tiller, Hanne Ørstavik og Pedro Carmona-Alvarez fått Sult-prisen.

Øyehaug les frå "Vente, Blinke"

Under arrangementet Snikkikk på Litteraturhuset i Oslo 15. Juli, 2008 las Gunnhild Øyehaug frå boka si Vente, Blinke”. Dette var før boka vart gitt ut, og publikum venta spent på romandebuten:

Høyr reportasjen frå Litteraturhuset, juli, 2008 her:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters