Hopp til innhold

Alt du treng å vite om Nobelprisen i litteratur

Torsdag blir ein forfattar 8 millionar kroner rikare, og får livet sitt omsnudd. Nokon kallar det ei forbanning ettersom dei ikkje lenger får ro til å skrive, men alle veit at det er ei ære. Vi snakkar om Nobelprisen i litteratur.

Nobelprisseremonien 2012

Kven er nobelprisjuryen, som ikkje eigentleg er ein jury, og korleis kårar dei verdas beste forfattar? Her får du svara.

Foto: Alexander Mahmoud / Nobel Media AB 2012

At dette faktisk skjer torsdag 10. oktober, blei kjent først i dag, lang tid etter at datoane for dei andre nobelprisane blei annonsert. Juryen som deler ut denne prisen er nemleg ikkje heilt som andre juryar: éin ting er at dei neppe ville likt å bli kalla for "jury", ein annan ting er at dei ikkje vil røpe datoen for offentleggjering før dagen nesten er der.

Den japanske forfattaren Haruki Murakami ligg øvst på bettinglista hjå Ladbrokes, eit byrå som har sett veddemål i system slik at du kan setje pengar på hestar og Nobelpriskandidatar. Men Murakami vinn neppe prisen. Han låg øvst i fjor også. Prisen går ikkje til den mest populære kandidaten på lista, og heller ikkje til den som har selt mest bøker nyleg. Det siste kan ein vere glad for, ettersom den bestseljande forfattaren på lista i fjor var E.L. James, du veit ho med Fifty shades of Grey. Det er mykje å seie om dei bøkene, men akkurat litteratur i verdsklasse er det ikkje.

Kven, kva, korleis?

Så. Kven er så denne juryen som ikkje eigentleg er ein jury, korleis kårar dei verdas beste forfattar, og kva er namnet på årets prisvinnar? Her får du svara, i den rekkjefølgja.

Vi må tilbake til 1786. Ja, det er lenge før både Alfred Nobel og Nobelprisen var påtenkt, men historia startar der: Den franskinspirerte kong Gustav 3. ville nemleg ha eit akademi for svensk språk og skaldekunst etter mønster frå Academie Francaise, og dette nådde han å setje i gang før han blei skoten under eit maskeball i Stockholmsoperaen i ein alder av 46 år. Svenska akademien, også kalla «De aderton» ettersom det til ei kvar tid er atten personar som sit der, denne eksklusive forsamlinga blei landets høgste autoritet i litterære og språklege spørsmål.

Alfred Nobel (1833-1896)

Alfred Nobel (1833-1896).

Foto: AP

Dei røkta det svenske språket under mottoet «renhet, styrka og høghet», og dei delte ut prisar og stipend til svenske forfattarar. Etter å ha halde på med dette i over 100 år, fekk dei eit vanskeleg spørsmål dei måtte ta stilling til: Ville «De aderton», landets høgaste og fremste og så vidare, ville dei også dele ut den nystifta Nobelprisen i litteratur?

«De aderton» svarte ja, etter ei viss nøling. Men når ja'et først var sagt, måtte dei utvide horisonten noko kraftig og finne fram til dei beste forfattarane i heile verda. Eller heile og heile. Når ikkje mindre enn tre norske forfattarar vann prisen i løpet av ein 25-årsperiode, så seier det sjølvsagt noko om at vi hadde mange gode forfattarar tidleg på 1900-talet, men det seier også noko om at "De aderton" ikkje akkurat følgde med på heile verda heller. Der som så mange andre stader på tidleg 1900-tal var det den kvite mann som telte, men etterkvart har både kvinner og folk med andre hudfargar fått prisen.

Komitemedlemmer på livstid

Det fører oss over på neste spørsmål: Kven er det som bestemmer kven som skal få lov til å vere med i Akademien og sitje på ein av dei 18 nummererte stolane? Svaret er enkelt: Det bestemmer dei sjølve. Og når dei først har fått ein plass, ja så er det på livstid.

Dette gjer naturleg nok noko med gjennomsnittsalderen: Av dei 18, som av ulike grunnar for tida er 16, er halvparten over 75 år, sju er over 80. Den eldste er 95. Det er jo imponerande og ikkje skal eg drive noko aldersdiskriminering, men eg trur nok at dersom ein i dag skulle lage ein komite for å dele ut Nobelprisen i litteratur, ville ein nok gjort det annleis. Gustav den 3 var eit barn av si tid på godt og vondt.

Vil eg så skifte ut Akademien med ein moderne komite? Slett ikkje. Men akademien kunne skifta ut seg sjølv litt oftare, eller til og med fått hjelp til å skifte ut folk etter dei har hatt nokon år i stolen.

Hemmelege prosessar

Likevel: dei er ikkje aleine om å finne verdige kandidatar. 6-700 fagfolk og institusjonar har lov til å kome med forslag til kven som skal få prisen, og kvart år kjem det inn eitpar hundre namn som "De aderton" må vurdere. Dei som nominerer har ikkje lov til å fortelje det til nokon. Det er mykje som er hemmeleg her.

Noko lek ut 50 år etter, men det er liksom ikkje så heftig å lese om debattane frå 1962. Spesielt når valet verkar merkeleg, hadde det vore interessant å finne ut korleis dei greidde å kome fram til vinnaren. Men trass i ein del merkelege val gjennom tidene, står prisen seg som verdas største. Ikkje berre fordi lista over vinnarar inneheld ei rekkje sterke namn trass alt, heller ikkje berre fordi prisen er på heile 8 millionar, ein sum som pyntar temmeleg godt opp på ein kvar bankkonto, men kanskje mest fordi den er del av heile Nobelpriskonseptet. Alle prisane blir dermed større enn seg sjølv.

Europeisk dominans

Jon Fosse

Forfattar Jon Fosse.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

Og kven får prisen i år? Tja. Alle som har lese nokon bøker i sitt liv, vil vite at det ikkje er opplagt kven som er verdas aller beste forfattar. Dei som skal kåre, set sitt preg på kåringa. Etter mange fargerike kåringar frå 60-talet og framover, har tyngdepunktet dei siste 20 åra på nytt vore europeisk, sjølv om prisen i fjor gjekk til ein kinesar, Mo Yan. Og gjennomsnittsalderen har vore høg, fleire har fått prisen seint i livet og kanskje endåtil etter at dei har slutta å skrive. Det kan verke som om det har hopa seg litt opp i Akademien.

Mo Yan var den femte asiatiske Nobelforfattaren, av totalt 109 prisvinnar. Berre éin arabar har fått, og éin australiar, og éin svart afrikanar. Så her er mykje å ta igjen. No blir jo ikkje slike prisar delt ut etter kven sin tur det er å få, men dette bildet er såpass skeivt at eg vågar å påstå at Dei 18, som altså er 16, er sterkt prega av kvar dei sjølve er plassert på verdskartet.

Jon Fosse? Eller kva med Anne Carson?

At Jon Fosse står høgt oppe på før nemnte liste, og at han kan bli vår fjerde Nobelprisvinnar er strålande. Likevel, viss det blir ein nord-amerikanar i år, skal eg rope «äntligen». Fordi: Det er 20 år sidan siste amerikanar fekk prisen, det var Toni Morrison, og det finst ei rekkje gode amerikanske namn som fortener det.

Det går rykte om at Philip Roth har slutta å skrive så han stryk eg av lista, men Alice Munro og Cormac Mc Carthy er to gode seniorar. Og kva med den spennande poeten Anne Carson, eller Margareth Atwood? For nokre år sidan lufta den dåverande sekretæren i Akademien, Horace Engdahl ein viss skepsis mot amerikansk litteratur som han meinte ikkje tangerte det europeiske nivået. Det er på tide at «De aderton» tek oppgjer med slike meiningslause generaliseringar og vel eit namn frå den øvste hylla i amerikansk litteratur. Det er nok å ta av.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters