Meld av Arnhild Skre
«Alle tiders kokebøker», «Ganens makt» og «Fra kalvedans til bankebiff». Titlane på den tidlegare NRK-mannen Henry Notakers bøker er både saftige og ambisiøse. Så skriv han då også frå eit høgt nivå etter 25 år som formidlar og utforskar av den kulturhistoria som kan sporast gjennom mat og matlitteratur.
Ti tidlegare utgjevingar av historiske sveip og omfattande bibliografiar har komme på norsk og engelsk. Han er prislønt i USA, sit i redaksjonen for eit europeisk fagtidsskrift for mathistorikarar og han føreles i emnet ved utanlandske universitet.
Historisk omfattande
Årets bok, den ellevte mathistoria frå Notakers hand, signaliserer endå større ambisjonar enn dei tidlegare. Kokken og skriveren. lovar ikkje mindre enn Den gastronomiske litteraturens historie, i følgje undertittelen. Nå strammar forordet det inn til å gjelda den europeiske, men den viser seg å vera meir enn omfattande nok.
Notaker vel å opna med den første trykte kokeboka, som kom på 1400-talet. Og han dreg linjene fram til vår tid, sjølv om det siste halve hundreåret får relativt, og kanskje litt overraskande, lite merksemd. Skal ein tru denne boka, er det i dei fem århundra fram til andre verdskrigen det meste skjer, med den elektriske komfyrens eksakte temperaturmålingar som det siste av dei større kokelitterære vendepunkta.
Før det, er 1500-talet endrande, med innarbeiding av nye råvarer frå Amerika, noko som avfødde vesentlege tilskott til ein kokeboklitteratur som alt då var stor frå før. På 1700-talet krev borgarskapets oppsving ein ny type litteratur. 1800-talet ser likevel ut til å vera den mest frodige matlitterære nyskapingstida, slik det er det på mange andre mediefelt.
Var temaet matens historie, kunne her stått mykje om den skumle tomaten og dei overdådige kardinalmåltid. Men i Notakers nye bok er det oppskriftene, fororda, teksten og bokhistoria det handlar om. At den som skriv, i mange hundreår er ein annan enn dei som veit korleis ein kokar og utviklar ny kokekunst, er ei påpeking som opnar vide refleksjonar og analyser her. Notaker og dei mange, mange han siterer, får fram konvensjonane, sjangervariasjonen, dei notoriske tjuveria og fiktive forfattarnamna. Her blir ein både opplyst og underholdt.
Rangdeling og bordmotar
Det vesentlegaste bidraget i boka, må likevel vera Notaker si utforsking av sosial rangdeling, ideologiar, religiøse påbod, bordmotar og litterære nyorienteringar som skjuler seg i kokebøkene, i underteksten.
Han tydeleggjer også skiljet i stil mellom enkle, pedagogiske kokebøker som hjelper lesaren i veg, og bøker spekka med lærde henvisningar som ventar eit høgt dannings- og kunnskapsnivå hos lesaren.
Notaker sjølv skriv hovudsakeleg i den høge stilen. Han ventar at lesaren veit at Santa Maria Maggiore er ei av dei fremste kyrkjene i Roma. Han definerer ein del termer, men ventar også at lesaren veit kva retorisk topos er.
At Notaker temamessig spenner enormt vidt, ser ut til å vera eit større problem. Her skal åpenbart alle sider ved feltet belysast. Særleg i siste delen av boka fører dette nærmast til opprekningar, og eg blir usikker på kor fruktbart det enorme emnespennet er.
Desse små innvendingane hindrar likevel ikkje at ein alminneleg interessert lesar vil få mange lesegleder undervegs. Norskspråkleg sakprosahistorie, som dette er, tek lite plass i bibliotekhyllene. Av dei mange engelske, franske, italienske og tyske titlane i Notakers litteraturlister kan ein sjå at norsk litteraturhistorie her befinn seg i bakevja. Notaker er blant dei som siviliserer oss her. På elegant vis deler han med oss del både sine litteratur- og kulturanalysar og si svært breide lesning.